NORDHORDLAND TINGBOK nr. 11 1670

Avskrift ved Håkon Aasheim/Ættehistorisk institutt/SAB

 

Hjelp oss Gud Fader i Æve til Lukke, Framgong og Sæle 14.3.1670



VÅRTING PÅ [HERDLA SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 1 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Ole Landtzuig [Ole Landsvik], Steffen Tuett [Steffen Tveiten], Laurs Oen [Lars Oen], Mogens Tuett [Mons Tveiten], Jeremias Wig [Jeremias Vik], Mogens Wig [Mons Vik], Ole Frechou [Ole Frekhaug], Gutorm Grasdal [Guttorm Grasdal], Niels MoldeKleff [Nils Moldekleiv], Peder Ryeland [Peder Ryland], Tomas Rong [Tomas Rong]. Tingsaker: --1a: Opplese kong Christian 5 sitt brev i høve hans far, Fredrik 3 - Danmarks og Noregs konge, sin bortgang. All leik og spel må opphøyra i eitt år. Samkomer som brullaup og barsel m.m. kan gå som vanleg, men utan dei nemnde ting. --1b: Vidare lese opp kongen sitt brev ("Mandat") om forbod for dei som sit på - og brukar gardar under kyrkja ("geistlig goedts") å hogga i desse gardane sine skogar. --2: Gjeld Laurs Knudsen [Lars Knutsen], funne død i sjøen ved Hetleuig [Hetlevik]. Denne saka vart no teke oppatt. Lensmannen kunne opplysa at Johans Hetleuig [Johannes Hetlevik] ligg sjuk. Difor utsett til førstkomande ting. --3: Jacob Koursbøe [Jakop Kårbø] og Lars Siurdal [Lars Sjurdal] oppnevnt til nye lagrettsmenn. 15.3.1670

VÅRTING PÅ [ALENFIT SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 1, 1b, 2 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Lars Mundal [Lars Mundal], Omund Gieruig [Amund Gjervik], Hans Feste [Hans Feste], Anders Selleuold [Anders Sellevoll], Hans Fosse [Hans Fosse], Knud Beraas [Knut Berås], Anders Isdal [Anders Isdal], Arnne Quamme [Arne Kvamme], Hans Eicheland [Hans Eikeland], Gudmund Aasse [Gudmund Åse], Ole Mundal [Ole Mundal], Anders Dale [Anders Dale], Niels Gier... [Nils Gjervik]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sine 2 brev. Det eine om at all leik og spel skal opphøyra i eitt år i Danmark og Noreg. --1b: Det andre at ingen tre måtte hoggast i kyrkjeskogane utan kongen sitt løyve. --2: Tidlegare sak på Steffen [Steffen Hilland] og Siur Hilleland [Sjur Hilland] om krangel vart no ropt opp. Men dei var ikkje formelt stevna, grunna tinget vart fastsett så fort. Avgjort å ta saka opp på førstkomande ting. --3: Rådmann Peder Hansen [Peder Hansen] stevna følgjande for resterande landskyld og bygsel: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Knud Beraas [Knut Berås] på Christian Møechildsuold [Kristian Myksvoll] sine vegne - 11 mark 4 sk. Jacob ibm: [Jakop Myksvoll] - 8 mark 2 sk. Jacob Møechisuold [Jakop Myksvoll] på Laurs ibm: [Lars Myksvoll] sine vegne - 7 mark 2 sk. Arne Mogenstad [Arne Mongstad] - 2 1/2 rdl. Ole Sør Mogenstad [Ole Søre Mongstad] - 6 rdl. Aslach Ifuersen Mogenstad [Aslak Iversen Mongstad] - 12 rdl. Ole og Niels Sel - 1 1/2 rdl. (Det står berre Sel i tingboka. Truleg er dette Selevoll. Ein Ole finn vi der, men ikkje Nils). Hans Jensen [Hans Jensen] krov dom i saka. Avgjerd: Alle bør betala det dei skuldar innan 14. april. --4: Etter krav frå lensmann Laurs Mundal [Lars Mundal] vart følgjande lest opp for retten: (dokumentet omskrive) Vi underskrivne, Gutorm Mundal [Guttorm Mundal], Olluff Lauridtsen Echanger [Ole Larsen Ekanger] og Jacob Schoelmester [Jakop Skolemester], overvar for ei tid sidan eit forlik om garden Lechnes [Leknes] mellom lensmann i Alenfit sk.r., Lauridtz Mundal [Lars Mundal] og far hans, Halduor Mundal [Haldor Mundal]. Lars skulle, etter krav frå Haldor, avstå til fordel for Rasmus Larsen [Rasmus Larsen] - gift med Haldor si dotterdotter, den jordepart i Leknes som Lars tidlegare hadde bygsla bort til son sin, Børge Laursen [Berge Larsen], og som Lars sjølv hadde brugt no i eitt års tid. For denne avståinga gjekk Haldor med på at Lars skulle få dei 80 rdl. som Rasmus hadde betalt i førstebygsel og "opsaugn" (oppsagn). Og var det meir som skulle gjevast i bygsel, så skulle Rasmus utreida dette til Haldor, utan motmæle frå Lars. Forutan dette skulle Lars få gjera seg nytte av eit naust, som var bygt - og stod på Leknes sin grunn. I forliket inngjekk at Lars måtte flytta det ("Derforuden maa Laurs lade af føre och sig Nyttig giøre It Nøst, som paa Lechnes grund opbygt och bestaaende er, ..."). Mundal, 3.1.1670. --5: Aschild Hougsdal (skal vera i Alenfit, og må då vera Hopsdal) [Askild Hopsdal] og Lars Lechnes [Lars Leknes] oppnevnt til lagrettsmenn. 16.3.1670

VÅRTING PÅ [RADØY SKIPREIDE] SIN TINGSTAD. 1670: 2, 2b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Oluf Wetaas [Ole Vetås], Steffen Sæbøe [Steffen Sæbø], Siur Dalland [Sjur Dalland], Knud Manger [Knut Manger], Jacob Sæbøe [Jakop Sæbø], Hans Tougle [Hans Taule], Matis Quallem [Matias Kvalheim], Jens Sollem [Jens Solheim], Joen Soelem [Jon Solheim]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sine 2 brev. Det eine om at all leik og spel skal opphøyra i eitt år i Danmark og Noreg. --1b: Det andre at ingen tre måtte hoggast i kyrkjeskogane utan kongen sitt løyve. --1c: Forkyndt kanslar og lensherre Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk] sitt befalingsbrev av 28.12.1669 om at: Futen skal levere han ei oppgåve over dei soldatane som i denne regjeringa si tid har misfare seg og vorte straffa (".. er worden Delinquerit och forseet ..") (medan dei var i teneste hjå bønder?) (Delinkvent = forbrytar som sit arrestert og ventar på dom) (Sjå forøvrig kanslar/amtmann J. F. Marskalk si befaling på

VÅRTINGet 7.4.1670 for Sartor sk.r., fol. 8. Mest truleg same ordren, men her ligg tydelegvis ei anna meining i teksten i tingboka). Og vidare: Kva nytte soldatane har vore til for bøndene, samt kva gardar eller gods dette galdt. 2 gonger kvart år skal det gjerast hemmelege forhøyr av alle lausgjengarar til skrekk og advarsel for dei. Legdet skal forsyna knektane eller soldaten med naudsynt underhald, rekna til 8 sk. dagen. Eller som kost, samt fartøy til transport, ved reise til garnisonen. Og er soldaten heime, skal legdet ta han i vanleg teneste. --2: Omund Morchen [Amund Morken] stevna Oluf Bouge [Ole Boga] for å ha vorte kalla tjuv. Ole Boga: Amund hadde skore av båttauet til Ole med ein kniv. Og hadde difor sagt til Amund "at han så gjerne måtte ha stole det". Noko anna hadde han ikkje sagt. Ole Morchen [Ole Morken] og Ole Landsuig [Ole Landsvik]: Dei hadde høyrt Ole Boga kalla Amund ein tjuv i samband med deiras trette om tauet Amund hadde skore av. Halduor Landtzuig [Haldor Landsvik]: Oppfatta ei trette mellom Amund og Ole om eit tau. Og høyrde Amund klaga seg for folka ikring at Ole kalla han tjuv. Men Haldor hadde ikkje høyrt det sjølv av Ole sin munn. Ole Boga: Hadde ikkje anna enn godt å sei om Amund. Avgjerd: Ole Boga tilkjendt å bøta til kongen 3 mark sølv for sine hastige og ubesindige ord. Men Ole sitt namn og rykte skulle ikkje lida last for denne dommen. --3: Ole Quallem [Ole Kvalheim] oppnevnt til lagrettsmann. Og Mogens ibm: [Mons Kvalheim] må møta på lagtinget. 17.3.1670

VÅRTING PÅ [LYGRA TINGSTOVE] I [LINDÅS SKIPREIDE]. 1670: 2b, 3 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Iffuer Fammestad [Iver Famestad], Magne Bruntland [Magne Bruntland], Ifr Løffaas [Iver Lauvås], Ole Hopland [Ole Hopland], Lars Schouge [Lars Skauge], Omund Hunduen [Amund Hundven], Ole Myching [Ole Myking], Haauor Berge [Håvard Berge], Besse Rosnes [Baste Rossnes]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sine 2 brev. Det eine om at all leik og spel skal opphøyra i eitt år i Danmark og Noreg. --1b: Det andre at ingen tre måtte hoggast i kyrkjeskogane utan kongen sitt løyve. --1c: Forkyndt lensherren sitt befalingsbrev om soldatar som kunne ha misfare seg og gjort brotsverk. Og kongens forordning om at soldatane skulle gjevast underhald ved reise til garnisonen. Elles som nevnt under

VÅRTINGet for Radøy. --2: Rådmann Peder Hansen [Peder Hansen] stevna følgjande for resterande landskyld og bygsel: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Johans Kongleuold [Johannes Konglevold] - 3 rdl. landskyld for 2 år. Niels Grimbsen [Nils Grimson] - vart kravd for 3 1/2 rdl. Men sagt at han hadde forfall og kunne ikkje møta, fordi han hadde sjuke folk heime. Niels Knudtzen [Nils Knutsen] - 3 1/2 rdl. i landskyld og førstebygsel. Ole Pedersen ibm: [Ole Pedersen](ibm: ??) - vart kravd for førstebygsel 5 rdl. og 4 års landskyld 4 rdl. Avgjerd: Bør betale det dei skuldar innan 14. april førstkomande. --3: Magne Østrem [Magne Austreim] og Niels Honnequamb [Nils Hodnekvam] vart oppnevnt til lagrettsmenn. 18.3.1670

VÅRTING PÅ [HALSVIK TINGSTOVE] I [GULEN SKIPREIDE]. 1670: 3, 3b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Claus Molde [Klaus Molde], Ole Østgulen [Ole Austgulen], Aslach Steene [Aslak Steine], Hans Henrichsbøe [Hans Henriksbø], Oluff Nappen [Ole Nappen], Ole Hougsdal [Ole Haugsdal], Jens Østgulen [Jens Austgulen], Joen Killinguold [Jon Kjellevoll], Ole Risnes [Ole Risnes], Michel Miømen [Mikkel Mjømna], Otte Østgulen [Otto Austgulen], Jetmund Eide [Jetmund Eide]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sine 2 brev. Det eine om at all leik og spel skal opphøyra i eitt år i Danmark og Noreg. --1b: Det andre at ingen tre måtte hoggast i kyrkjeskogane utan kongen sitt løyve. --1c: Forkyndt lensherren sitt befalingsbrev om soldatane m.m. Sjå forøvrig under

VÅRTINGet for Radøy. --2: Tidlegare sak mellom Anne Sande [Anna Sande] og Karj Josepsdotter [Kari Josefsdotter] ropt opp. Men sidan ingen stevning førelåg til dette tinget, vart saka utsett til neste. --3: Hans Henrichsbøe [Hans Henriksbø] stevna "svogeren" ("Suoger") sin, Ole Suendsen Dale [Ole Svendsen Dale], for 4 rdl. i lån til Ole. Ole møtte i retten, og sa han var blitt forlikt med "svigerfar" ("Werfader") sin såleis, at Ole skulle få behalda det han eigde då han vart gift med dotter til Hans. Og svigerfar Hans skulle behalda (få att) det han hadde gjeve til dotter si - altså Ole si (no) avdøde hustru. Dette hadde Hans allereide motteke, sa Ole. Slik at kvar og ein på denne måte hadde fått sitt i dette arveskiftet. Avgjerd: Sidan Hans Henriksbø var tilfreds med det han gav (hadde gjeve) dotter si og ikkje søkte anna arv etter henne enn det som lova tillet, då kunne han ikkje no i buet søkja dekning for gjelda. Dette burde han vore merksam på tidlegare. Og når Hans kan prova at han ikkje har fått (att) alt det han gav til si no avdøde dotter (då ho gifte seg med Ole), då fekk han ta saka opp igjen. --4: Lars Glenie [Lars Glenja] og Johans Dale [Johannes Dale] oppnevnt til lagrettsmenn. 21.3.1670

VÅRTING PÅ [EIKANGER SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 3b, 4 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Esem [Mons Eidsheim], Ole Eide [Ole Eide], Ole Fyllinge [Ole Fylling], Magne Echnes [Magne Eknes], Ole Eide [Ole Eide], Siur [Sjur Askeland], Christian Ascheland [Kristian Askeland], Anders Eide [Anders Eide], Lars Eide [Lars Eide], Ole Øffre Echanger [Ole Øvre Eikanger], Iffr Hindenes [Iver Hindenes], Jacob Dyrdal [Jakob Dyrdal], Wemund Eide [Vemund Eide]. Tingsaker: --1a: Kunngjort 2 kongelege forordningar ("mandat"). Desse var: All spel og leik skal opphøyra i 1 år. Og ingen tre må fellast i kyrkjeskogane utan kongeleg løyve. --1b: Vidare kunngjort lensherren si befaling om transport og underhald for soldatar på veg til Garnisonen, og at legdet skal ta dei i teneste når dei må vera heime. Då må soldaten skikka seg mot husbonden slik som ein lydig tenar bør. Og 2 gonger om året skal det gjerast forhøyr til skremsel og avsky for alle lausgjengarar. --2: Rådmann Peder Hansen [Peder Hansen] stevna følgjande for skuldig landskyld og bygsel: (Namn/Vedgjekk å vera skuldig) Ifr Olsen Høye [Iver Olsen Hauge] - 9 mark i landskyld. Gutormb Myr [Guttorm Myr] - 7 ort i landskyld. Niels Nielsen Myr [Nils Nilsen Myr] - 3 riksdaler i landskyld for 2 år. Anders Nesbøe [Anders Nesbø] - 5 ort i landskyld. Niels Suindal [Nils Svendal] - 5 ort i landskyld. Mogens Knudsen Gillisuig [Mons Knutsen Gjelsvik] - 3 ort i landskyld. Anders ibm: [Anders Gjelsvik] - 3 riksdaler minus 15 skilling i landskyld og 3.dje-bygsel. Seffuind [Sefind Gjelsvik] og Gutorm [Guttorm Gjelsvik] - 1 1/2 rdl. 8 sk. i landskyld og 1.ste-bygsel. Ole Biørge [Ole Bjørge] - 7 rdl. 2 mark i landskyld og 3.dje-bygsel. Joen Hielmaas [Jon Hjelmås] - 3 rdl. 1 mark. Sander Lj [Sander Li] på vegne av Anders Kleff [Anders Kleiven] - 1 rdl. 12 sk. Ifuer Kleff [Iver Kleiven] - 9 mark året i landskyld for 3 år, ialt 4 1/2 rdl., samt 3 1/2 mark i 3.dje-bygsel. Jacob Lid [Jakop Li] - 3 1/2 rdl. i landskyld og 3.dje-bygsel. Sander Lj [Sander Li] - 1 rdl. i 1.ste-bygsel. Iffr Hindenes [Iver Hindenes] - 5 ort i 3.dje-bygsel. Iffr ibm: [Iver Hindenes] på vegne av Mogens Hindenes [Mons Hindenes] - 2 rdl. 12 sk. i 1.ste- og 3.dje-bygsel. Haluor Schor [Halvor Skår] - 6 rdl. for 3 års landskyld og 3 1/2 mark for 1 års 3.dje-take. Ole Dyrdal [Ole Dyrdal] - 2 1/2 rdl. for 2 års landskyld og 2 rdl. i 1.ste-bygsel. 3.dje-taken var ikkje forfalle enno, sa han. Jacob Dyrdal [Jakop Dyrdal] - 10 1/2 mark i landskyld og 3.dje-bygsel. Mogens Høeland [Mons Høyland] på vegne av Steffen ibm: [Steffen Høyland] - 14 mark i landskyld og 3.dje-bygsel. Mogens [Mons Høyland] også på vegne av Mogens Gudmundsen ibm: [Mons Gudmundsen Høyland] - 1 tønne "Ryefylche Korn" og 3 ort. Mogens Høeland [Mons Høyland] på vegne av son sin, Ole Mogensen Echangelj [Ole Monsen Eikangerli] - 8 1/2 rdl. i 1.ste-bygsel. Ifr Echangerlj [Iver Eikangerli] - kravd for 10 rdl. i 1.ste-bygsel, men møtte ikkje. Avgjerd: Å betale innan 14. april førstkommande. 22.3.1670

VÅRTING PÅ [HOSHOVDE TINGSTOVE] I [HOSANGER SKIPREIDE]. 1670: 4, 4b, 5 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Mieldstad [Mons Mjelstad], Anders Myching [Anders Myking], Niels Miøs [Nils Mjøs], Peder Ware [Peder Vare], Haluor Øfsthus [Halvor Øvsthus], Fusse Fieldschaal [Fuse Fjellskål], Jørgen Bernes [Jørgen Bernes], Magne Hannistuett [Magne Hanstveit], Lars Øfsthus [Lars Øvsthus], Ole Fieldschaalnes [Ole Fjellskålnes], Johans Hoffstuett [Johannes Haugstveit], Peder Øfsthus [Peder Øvsthus], Rasmus Hannistuett [Rasmus Hanstveit], Anders Teppestad [Anders Tepstad], Johans Hoshoffde [Johannes Hoshovde]. Tingsaker: --1a: Kunngjort 2 kongelege forordningar ("mandat"). Desse var: All spel og leik skal opphøyra i 1 år. Og ingen tre må fellast i kyrkjeskogane utan kongeleg løyve. --1b: Vidare kunngjort lensherren Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk] si skriftlege befaling om naudsynt transport og underhald for soldatar på veg til Garnisonen. Og for lausgjengarar skal det gjerast forhøyr 2 gonger om året. --2: Johannis [Johannes Sandal] og Lauridtz Sandal [Lars Sandal] tildømt å bøta for slagsmål 2 mark sølv kvar til kongen. --3: Ny handsamimg av saka mellom Rasmus Blegelj [Rasmus Bleikli] og Johans Tuett [Johannes Tveiten] om kjelen som Johannes kasta i sjøen. Begge møtte for retten. Jørgen Blegelj [Jørgen Bleikli] vedgjekk at han i båten gav Johannes Tveiten nokre neveslag. Avgjerd: Fordi Johannes Tveiten hadde kasta Rasmus Bleikli sin kjele, verdt "half tredie" riksdaler, i sjøen, og bakgrunnen for dette var at både Johannes Tveiten, Lars Sandal og Jørgen Bleikli var drukne i båten, samt at Jørgen slo til Johannes - så bør Johannes betala til Rasmus 9 mark som sin del i kjelen. Og Lars og Jørgen må betala til Rasmus resten, nemleg 3 mark kvar. Alt dette innan 14 dager. I tillegg vart Jørgen Bleikli dømt å betala 2 mark sølv til kongen for slagsmålet. --4: Peder Bernes [Peder Bernes] stevna Ole Clausen Myching [Ole Klausen Myking] fordi Ole på siste

HAUSTTINGet skulda Peder for å ha "giort Bismer" (laga ein vegereidskap, som på den tid var av tre). Og at Peder med denne bismeren kunne vega 4 pund inn, og berre "halftredie" pund ut. Stevna også for ein "Teger och schindschoffuer". Ole møtte for retten, og sa han var drukken på det tidspunkt han sa dette om Peder. Han visste elles ikkje om at Peder Erichsen [Peder Eriksen Bernes] hadde laga nokon bismer. Det var Henrich [Henrik Herland] og Steffen Helleland [Steffen Herland] som hadde sagt dette til Ole om Peder. Ole vitna no for retten om Peder Eriksen, at så langt han visste om Peder, så var han ein bra og ærleg mann. Han hadde ingen kjennskap til at Peder nokon sinne hadde brukt falsk bismer, vekt eller mål. Og at skuldingane frå Ole hadde skjedd i drukkenskap og uforstand. Så vart det framlagt for retten 2 bismervekter, som Peder hadde laga. Desse vart kontrollvegne mot "en Rett och Brendt Bismer", som kongen brukte. Og dei 2 vektene til Peder vart funne å vera rette. --5: Rådmann Peder Hansen [Peder Hansen] stevna følgjande for resterande landskyld: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Ole Fieldschaalnes [Ole Fjellskålnes] på vegne av Knud Kalleland [Knut Kalland] - 1 riksdaler. Johans Toschedal [Johannes Toskedal] på vegne av Enchen Gamersuig [Enkja Gammersvik] - 4 1/2 rdl. Johans Toschedal [Johannes Toskedal] - 7 1/2 mark i landskyld, og for 1 tønne korn 9 mark. Johans [Johannes Toskedal] på vegne av Ole ibm: [Ole Toskedal] - 7 1/2 mark i landskyld, og for 1 tønne korn 9 mark. Avgjerd: Alle vart dømde til å betala gjelda si innan 14. april. --6: Utnemnde til lagrettsmenn Johans Hoshofde [Johannes Hoshovde] og Anders Wea [Anders Veo] (Anders Veo kjem frå garden Veo i Stamnes sokn, Arne sk.r.). 23.3.1670

VÅRTING PÅ [REIGSTAD TINGSTOVE] I [MJELDE SKIPREIDE]. 1670: 5, 5b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Elling Burkeland [Elling Burkeland], Michel Blom [Mikkel Blom], Laurs Houge [Lars Hauge], Mogens Restad [Mons Reigstad], Simen Rønhofde [Simen Runnhovde], Johans Øffste Mielde [Johannes Øvste-Mjelde], Johans Restad [Johannes Reigstad], Ole Watle [Ole Vatle], Niels Braguatten [Nils Brakvatne], Poul Huidsteen [Paul Kvisti], Johans Halleland [Johannes Halland], Niels Wesett [Nils Veset], Fabians Blomb [Fabian Blom], Niels Daltued [Nils Daltveit], Laurs Wichne [Lars Vikne]. Tingsaker: --1a: Kunngjort 2 kongelege forordningar ("mandat"). Desse var: All spel og leik skal opphøyra i 1 år. Og ingen må hogga tre i kyrkjeskogane utan kongeleg løyve. --1b: Opplese kanslaren/lensherren si befaling om at soldatane skal ha - og skaffast, underhald på veg til Garnisonen. I tillegg naudsynt transportmiddel. Påbodet etter kongen si forordning. --2: Britte Nebstad [Brita Nepstad] stevna enkja Britte Meele [Brita Mele] for resterande landskyld og 3.dje-bygsel. På Brita N. sine vegne møtte Laurs Houge [Lars Hauge]. Olle Helgesen Reffuem [Ole Helgesen Revheim] møtte for Brita M. Han vedgjekk at ho var skuldig Brita N. landskyld for 2 år - ialt 5 riksdalar og 1 ort, heri 1 års ubetalt 3.dje-bygsel. Avgjerd: Brita M. tildømt å betala innan 14. april. --3: Tomas Christensen [Tomas Kristensen] i [Bergen] stevna Oluf Schistad [Ole Skistad] for gjeld. Ole møtte, og vedgjekk å vera skuldig ialt "Halfsextende" riksdalar på egne og andre sine vegne ("...egen wegne och som hand har sagt sig goed for andre..."). Ole baud seg å betala til førstkomande haust. --4: Oppnevnt til lagrettsmenn Rasmus Ascheland [Rasmus Askeland] og Anders Mitmielde [Anders Midt-Mjelde]. 24.3.1670

VÅRTING PÅ [ARNE TINGSTOVE] I [ARNE SKIPREIDE]. 1670: 5b, 6, 6b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Johans Indre Arne [Johannes Indre Arne], Marchus Arne [Markus Arne], Anbiørn Jordal [Anbjørn Jordal], Mogens Songstad [Mons Songstad], Ole Arnetuet [Ole Arnetveit], Besse Fosmarch [Baste Fossmark], Rasmus Rombsloe [Rasmus Romslo], Ole Semb [Ole Seim], Ole Bouge [Ole Boge]. Tingsaker: --1a: Kunngjort 2 kongelege forordningar. Desse var: All spel og leik i bryllaup og barsel m.m. skal opphøyra i 1 år. Og ingen må hogga tre i kyrkjeskogane utan løyve frå kongen. --1b: Vidare forkyndt kanslar og lensherre Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk] sitt befalingsbrev om at soldatane skal ha 8 sk. - eller tilsvarande i proviant, for kvar reisedag til garnisonen. Likeså naudsynte fartøy til transport. Og 2 gonger om året skal det i futedømet gjerast forhøyr til skrekk og advarsel for alle lausgjengarar. --2: Rådmann Peder Hansen [Peder Hansen] stevna følgjande for resterande landskyld og bygsel: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Haluor Aasem [Halvor Åsheim] - 1 rdl. i landskyld. Jørgen Halstensen ibm: [Jørgen Halsteinsen Åsheim] - 3 1/2 rdl. Niels Erichsen Indre Arne [Nils Eriksen Indre Arne] - landskyld for 1666 og -67 med 4 1/4 rdl. og på 1 tn. korn 2 mark. Johans Iffuersen ibm: [Johannes Iversen Indre Arne] - 3 1/2 rdl. i landskyld og 3.dje-bygsel. Avgjerd: Alle bør betala innan 14. april førstkomande. --3: Sirj Ingebritsdatter [Siri Ingebrigtsdotter] stevna Oluf ØfreEide [Ole Øvreeide], fordi han skal ha late kome ut at ho hadde stole ei ku frå Hans Nielsen [Hans Nilsen Øvreeide] - rådsmann (gardsstyrar) på Øvreeide. Ole møtte, og sa han hadde høyrt det av Oluf Raadsmand [Ole Eidsvåg] og kona hans, Christj Eidtzuog [Kristi Eidsvåg] (rådsfolk/gardsstyrarar på Eidsvåg). Og Ole kalla inn Rasmus Seluig [Rasmus Selvik] og Marite Nielsdatter [Marta Nilsdotter], som begge hadde høyrt same orda frå Ole og Kristi. Men sidan ekteparet Ole og Kristi ikkje var tilstades i retten, og heller ikkje lovleg stevna, så vart saka sett i bero. --4: Omund Hiortland [Amund Hjortland] stevna Haluor Espel [Halvor Espeli] for 3 mark i hestefoster. Halvor møtte, og sa han tok imot hesten for å fø den vinteren over for 1 rdl. Men før vinteren var forbi, kjøpte Amund hesten av Fredrich i Ildhuset [Fredrik i Eldhuset] og tok den heim til seg mot Halvor sin vilje. Avgjerd: Sidan Amund sjølv kjøpte hesten, fall det på han å fø den vidare. Det var Fredrik som hadde betalt foster til Halvor for hesten, og ikkje Amund. --5: Oele Andersen Tuenes [Ole Andersen Tunes] og Arent Toftt [Arent Tuft] oppnevnt til lagrettsmenn. 26.3.1670

VÅRTING PÅ [HOP TINGSTOVE] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 6b, 7, 7b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Peder SmørAas [Peder Smørås], Ole Sandal [Ole Sandal], Ole Hop [Ole Hop], Lasse Nordaas [Lasse Nordås], Oluff Eide [Ole Eide], Niels Dingeland [Nils Dyngeland], Ole Schage [Ole Skage], Ole Totland [Ole Totland], Matis Bratland [Matias Bratland], Lasse Søraas [Lasse Sørås], Niels Schiold [Nils Skjold], Ole Biøndal [Ole Bjørndal], Ole Tittelstad [Ole Titlestad], Niels Hop [Nils Hop], Jens Hucheland [Jens Haukeland], Ole Heldal [Ole Heldal]. Tingsaker: --1a: Opplese 2 kongelege forordningar: All leik og spel skal opphøyra i eitt år. Og ingen må hogga tre i kyrkjeskogane utan løyve frå kongen. --1b: Vidare kunngjort kanslaren/lensherren sitt befalingsbrev om at legdsmennene skal ta soldatane i teneste den tid dei må vera heime. Og at dei skal gjevast underhald 8 sk. for kvar dag dei er på reise til garnisonen - eller tilsvarande i proviant. 2 gonger i året skal det gjerast forhøyr til skrekk og advarsel for alle lausgjengarar. --2: Etter krav frå Peder Houge [Peder Hauge] vart følgjande gavebrev opplese (eit utdrag): Gjevaren var Peder Andersen Houge (i Arna) [Peder Andersen Hauge] - lagrettsmann i Skjold sk.r., og fødd kring 1608. Gift ca. 1669 med Inger Lauridtzdatter [Inger Larsdotter], fødd før 1630. Ekteskapet var hittil barnlaust. Ved gjevaren sin død, skal enkja ha tiende og fjerdingsgåve (1/4-delen av all eiga til gjevaren) etter lova (A: B: 22 Cap:). Gåvebrevet skal gå føre eventuelle arvingar etter Peder. Hop, den 26.3.1670. Til vitne: fut Peder Andersen [Peder Andersen] og sorenskrivar Hans Hansen [Hans Hansen]. --3: Otte Hansen [Otto Hansen] stevna Laurs Mittun [Lars Midtun] for 11 rdl. i gjeld - ei skuld som Lars også på

HAUSTTINGet 12.10.1668 vart tiltalt for. Lars vart ropt opp i retten, men møtte ikkje. Tildømt at han bør betala innan 14 dagar eller vurdering i buet hans. --4: Samuel Hansen [Samuel Hansen] stevna følgjande for resterande landskyld: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Tomas Nøtuet [Tomas Nøtveit] - 8 mark 4 sk. Jon Samdal [Jon Samdal] - møtte ikkje. Peder Schiold [Peder Skjold] - 9 mark. Salmon Grimstad [Salomon Grimstad] - møtte ikkje. Niels Natland [Nils Natland] - møtte ikkje. Mogens Stortuet [Mons Storetveit] - møtte ikkje. Niels Øfre Fyllinge [Nils Øvre Fyllingen] - sa han ville betala 4 mark. Avgjerd: Dei skuldige som møtte, bør betala innan 14 dagar. --5: Ole Houge [Ole Hauge] og Niels Øffre Natland [Nils Øvre Natland] oppnevnt til lagrettsmenn. 7.4.1670

VÅRTING PÅ [SKOGE TINGSTOVE] I [SARTOR SKIPREIDE]. 1670: 7b, 8, 8b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Ole Bielcherøen [Ole Bjelkarøy], Mogens Worland [Mons Vorland], Willum ibm: [Vilhelm Vorland], Ole Hambre [Ole Hamre], Hans Kousland [Hans Kausland], Lars ibm: [Lars Kausland], Anders Bildøen [Anders Bildøy], Jacob Hammersland [Jakop Hammersland], Tomas Børnes [Tomas Børnes], Anders Kobeltued [Anders Kobbeltveit], Wincentz Selle [Vinsents Sæle], Hans Algrøen [Hans Algerøy], Henrich Østtued [Henrik Øvstetveit], Peder Bache [Peder Bakke], Ole Colbensen [Ole Kolbeinsen]. Tingsaker: --1a: Opplese 2 kongelege forordningar: All leik og spel skal opphøyra i eitt år. Og ingen må hogga tre i kyrkjeskogane utan løyve frå kongen. --1b: Kunngjort kongen sitt skattebrev for 1670. --1c: Vidare forkyndt kanslar og amtmann Johan Frederich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk] sitt befalingsbrev om at legdsmennene skal ta soldatane i teneste når dei må vera heime. Og at soldaten av legdet skal gjevast 8 sk. - eller tilsvarande i proviant, for kvar dag dei er på reis til garnisonen. 2 gonger om året skal det gjerast forhøyr til skrekk og advarsel for alle lausgjengarar. Futen fekk i same brevet ordre om å laga ei oppgåve til amtmannen over dei bønder som soldatane "Kand befindis at haffue Vdgifuet", det vere seg på gods eller gard "det end och Kand were scheed," (kven til og på kva gard soldatane er utplassert i teneste). Likeså kva nytte bøndene har hatt av denne ordninga. (Sjå under

VÅRTINGet 16.3.1670 for Radøy sk.r., fol.2b, pkt.1c. Mest truleg same ordren, men tingbokteksten gjev tydelegvis ei anna meining). --2: Futen let stevna Karj Johansdatter Sørfielde [Kari Johannesdotter Søre Fjell] - ein krøpling. Ho vedgjekk å ha fødd eit barn, men visste ikkje kva barnefaren heitte - anna enn at han var ein omstreifar som hadde teke henne med vold, då ho var åleine heime i huset. Barnet kom til verda litt etter sist jul. Ny etterforsking, for å finna ut om ein annan kan vera far til barnet. --3: Hans Grafsted [Hans Grafsted] si enkje stevna følgjande for skuld: Dirich Nielsen [Didrik Nilsen], som vedgjekk at far hans, Niels Selstøe [Nils Selstø], var skuldig 1 mark. Nils tilkjent å betala innan 14 dagar. Ole Haluorsen Mitfielde [Ole Halvorsen Midtre Fjell] kravd for 4 rdl. 2 mark og 2 sk. Møtte ikkje, då kona hans låg i barselseng. Erich Mogensen Knapschouff [Erik Monsen Knappskog] kravd for 2 rdl. 4 mark og 14 sk. Møtte ikkje. Men Ole Colbensen [Ole Kolbeinsen] stadfesta at han var lovleg stevna. Erik difor tilkjent å bøta 1 mark sølv i stevnefall. Orge/Ørie Asbiørnsen [Ørjan Asbjørnsen] kravd for 10 rdl. 3 ort. Eigentleg var det faren Asbiørn [Asbjørn] som var skuldig pengane, og ikkje Ørjan. Men Asbjørn var død, og buet etter han gjort opp. Ørjan møtte i retten, og sa at Hans Grafsted i skiftet etter Asbjørn fekk utlagt 3 rdl. i ein kjele. Vidare fekk borgarmeister Søren Jensen [Søren Jensen] utlagt 4 rdl., og Christoffer Meyer [Kristoffer Meyer] 3 rdl. - alt i same kjelen. Meir var det ikkje å henta i buet. --4: Hans Schouge [Hans Skauge] stevna Adtzer Østtuet [Assar Øvstetveit], fordi Hans på "ein fri kyrkjebakke" vart skulda av Assar for å ha skore over sildegarnet/-a hans under sildefisket. Assar møtte, og sa at det var nok så. Men han hadde ikkje nevnt noko om tjueri. Og krov tid på seg til å skaffa prov. Dette vart innvilga av retten. Saka opp att på neste ting. --5: Rådmann Peder Hansen stevna følgjande for gjeld: Avdøde Johans Waarøen [Johannes Varøy] si enkje Anne [Anna Varøy] kravd for 6 1/2 rdl. Enkja møtte, og sa at hennar avdøde mann hadde leigd 1 spann fisk i garden. For dette betalte han 5 rdl. i bygsel, og hadde sagt at no skulda han ikkje noko meir. Men dei hadde enno ikkje fått bygselseddel. Anna si svigermor, Marj Warøen [Mari Varøy], var og i retten og sa at ho berre hadde gjeve Johannes løyve til å bygsla 1 spann fisk. Resten av bruket ville ho sjølv driva og ha. Saka på vent inntil vidare. Johans Golten [Johannes Golten] vedgjekk å vera skuldig 5 rdl. i bygsel. Vart tilkjent å betala innan 14 dagar. --6: Niels Telle [Nils Telle] og Erich Scholleuig [Erik Skålevik] oppnevnt til lagrettsmenn. 15.4.1670 RETTSMØTE PÅ GARDEN [TVEITEN] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 8b, 9 Retten sine menn: Peder Smøraas [Peder Smørås], Lasse Nordaas [Lasse Nordås], Peder Hop [Peder Hop], Ole Totland [Ole Totland], Peder Hornes [Peder Hordnes], Niels Skiold [Nils Skjold], Lasse Smøraas [Lasse Smørås]. Tingsak: --1: Anders Nielsen Tuet [Anders Nilsen Tveiten] la fram stevning frå lensherren mot borgarmeister Peter Trojel [Peter Trojel] i Bergen [Bergen], der Anders meinte seg rett til å få bygsla foreldra sin jordepart i garden Tveiten. Foreldra er døde, og parten deiras no ledig. Anders la fram i retten bygselbrev på det han frå tidlegare sjølv bygslar i bruket. På P. Trojel sine vegne møtte tenaren hans, Johan Loussen [Johan Loussen]. Han sa at når Peter var lovleg stevna, så ville han og svara. Anders fortalde at han, saman med Oluf Sandal [Ole Sandal], 3 gonger hadde vore hjå borgarmeisteren og kravt bygsel på det ledige bruket. Johans Tuett [Johannes Tveiten] hadde vore 2 gonger med Anders, og Haluor Grimbstad [Halvor Grimstad] 1 gong. Dette stadfesta både Ole og Johannes for retten. Men Trojel krov at Anders gav frå seg til han den parten som Anders brugte. Og sa vidare at Anders heller ikkje kunne få bygsla den ledige parten etter foreldra. Han ville sjølv bruka den til hausten, og så sjå kva han kunne gjera. Ole Sandal og Johannes Tveiten stadfesta dette ved ed, men ikkje det om at Trojel ville ha Anders til å avstå til han den parten Anders bygslar. Dei sa dette var Anders sine ord. Johan Loussen sa vidare, at dersom stevnemålet mot Trojel kunne gjerast lovleg, då ville borgarmeisteren krevja utsetjing. For då ville han sjølv koma med svar til motparten. No var han hindra av andre forretningar. Men Anders krov endeleg dom. Avgjerd: Avdi Anders Tveiten frå før har bygsla 1/2-delen av far sin sitt bruk i Tveiten, medan faren sat på andre 1/2-delen: 1/2 spann smør, 1/2 kvarter malt og 1/4 spann hud. Men då faren er død, er denne delen vorte bygselledig. Anders var 3 gonger inne hjå P. Trojel (ombudsmann for gardeigaren) for å få bygsla parten. Men Trojel vegra seg. Sidan omtalte jordepart var faren sitt bruk - og hans son er nærast til å overta, då bør Anders herved uhindra få tiltre nemnde jordepart etter far sin. Dommen viser og til k. Christian 4. si lov, som seier at slik ein "ring" (dårleg) jordepart bør gå til ein enkelt bygselmann. 20.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [FREKHAUG TINGSTOVE] I [HERDLA SKIPREIDE]. 1670: 9, 9b, 10, 10b, 11 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Ole Landzuig [Ole Landsvik], Iffuer Rong [Iver Rong], Tøris Herleuer [Tørris Herdlevær], Anders Husebøe [Anders Husebø], Anders Hougland [Anders Haugland], Laurs Oen [Lars Oen], Knud Tielstad [Knut Tjelstø], Knud Dale [Knut Dale], Niels Alføen [Nils Alvheim], Michel Frommereid [Mikkel Frommereid], Steffen [Steffen Tveiten], Magne Tuett [Magne Tveiten], Gulich Hegsdal [Gullik Hesdal], Magne Grasdal [Magne Grasdal], Poul Nesse [Paul Nesse], Mogens Tuett [Mons Tveiten]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Samt forbod mot hogging i kyrkjeskogane. --2: Tøris Herleuer [Tørris Herdlevær] kom fram for retten og ba om vitnesbyrd frå almue og lagrett (tingsvitne) på at husa hans på garden Herdlevær brann ned ved vådeeld - unnateke løa ("Laden") og floren ("fee Huset"). Dette skjedde 14 dagar før "St. Michelj" i 1669. I tillegg vart Tørris for ca. 2 1/2 års tid sidan frårøva all formuen sin av sjørøvarar eller kaperar, ettersom han bur på utsida ved havet. Han ba om skattefritak. --3: Anders Fosse [Anders Fosse] tilkjent å bøta 5 ort til kongen, fordi Anders hadde vore for tidleg ilag med kona si. Men utan at det vart barn av det. Futen ettergav bota grunna Anders sin fattigdom. --4: Kong Christian 5. sitt skattebrev for 1670 attgjeve i sin heilhet i tingboka. I korthet går det ut på at kongen så gjerne ville ha minska skattane for alle i landet. Men grunna riket sin tryggleik og andre store utgifter, vart han forhindra i dette forsettet. Og laut diverre - i år som tidlegare - oppretthalda dei ordinære skattane samt rytterhald og skyssferdspengar. Slottet i København, 26.2.1670. --5: Etter krav frå Casper Bager [Casper Bager] vart følgjande pantebrev opplese: (utdrag) Skyldnar: Anders Johansen Iden [Anders Johannesen Io] i Herdla. Kreditor: Casper Wilchens [Casper Wilchens] - bakar, og bur i Bergen. Lånesum og vilkår: 260 rdl. (til 96 sk. dalaren). 6 % rente p.a. gjeldande frå 27.9.1669. 1/2 års oppseiingstid. Trygd: Lånet er sikra med 1.ste prioritet pant i Anders sin gard Io (Iden), og med samtykke frå kona til Anders. I dokumentet er det også nemnd 2 born til Anders (".. och begge voris Arffuinger .."). I tillegg fekk kreditor til forvaring Anders sitt odelsskøyte ("Pergamentz AdKombst Odelsbref") på Iden. Lånekapitalen er farsarven til dei umyndige borna etter Jan Geffuertz [Jan Geffuertz] - føremannen til Casper. Enkja etter Jan såleis gift oppatt med Casper. Desse borna er seinare i dokumentet nemnd som steborn til Casper. Lånet tok Anders opp i si tid hjå Jan. Så dette er vel helst ei fornying grunna skifte i familietilhøva hjå kreditor. Vitne: Peder Luden/Lyden [Peder Luden] og Claus Von Rechen [Claus von Rechen] - begge borgarar av Bergen by. Datert Bergen, 27.9.1669. 21.7.1670

L

LEDINGSTING PÅ [ALENFIT SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 11, 11b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Laurs Mundal [Lars Mundal], Niels Tuett [Nils Tveiten], Haauor Isdal [Håvard Isdal], Hans Feste [Hans Feste], Hans Fosse [Hans Fosse], Aschild Nebstad [Askild Nepstad], Knud BerAas [Knut Berås], Anders Selleuold [Anders Sellevoll], Oluff Grøtued [Ole Grøtveit], Anders Kaberdal [Anders Kapperdal], Arne Quamme [Arne Kvamme], Anders Øffstegaard [Anders Øvstegard]. Tingsaker: --1: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --2: Sjå tidlegare sak under

VÅRTINGet 15.3.1670: Steffen Hilleland [Steffen Hilland] mot Siur Hilleland [Sjur Hilland]. Sjur ba no om orsaking for orda sine mot Steffen, og partane forliktest så i retten. Men Sjur måtte bøta 3 mark i sølv til kongen. --3: Skyss-skaffaren la inn klage på nokre av mannskapet. Oluf Semb [Ole Seim], Anders ibm: [Anders Seim], Baste Watne [Baste Vatne], Magne ibm: [Magne Vatne], Aslach ibm: [Aslak Vatne] og Anders Eicheland [Anders Eikeland] var ikkje viljuge å skyssa sjølvaste kanslaren då han var på reis. Kvar av dei vart difor bøtelagt med 1/2 mark sølv. Dessutan laut dei betala andre skyssfolk som måtte overta oppdraget. 22.7.1670

L

LEDINGSTING PÅ [RADØY SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 11b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Oluff Wetaas [Ole Vetås], Johans Helleland [Johannes Helland], Steffen Sæbøe [Steffen Sæbø], Mogens Ydstebøe [Mons Ystebø], Knud Soltued [Knut Soltveit], Hans Tougle [Hans Taule], Ole Soltuet [Ole Soltveit], Jacob Sæbøe [Jakop Sæbø], Oluff Huidsteen [Ole Kvisti], Mogens Strømme [Mons Straume], Knud Sollem [Knut Solheim], Jens Sollem [Jens Solheim], Niels Olsuold [Nils Olsvoll]. Tingsaker: --1: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --2: Simen Rasmussen [Simen Rasmussen] stevna Josep Nesse [Josef Nesse] for klær, og ku- og smaleleige, som Josef er skuldig han. Josef møtte, og vedgjekk at han skulda Rasmus for løn, ialt 3 rdl. Han baud seg å betala noko i haust, og resten seinare etterkvart. Tilkjent å betala dei 3 rdl. i løn til Simen innan 1 år frå no. 23.7.1670

L

LEDINGSTING PÅ [LYGRA TINGSTOVE] I LINDÅS SKIPREIDE. 1670: 11b, 12, 12b, 13 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Iffr Fammestad [Iver Famestad], Christian Mogensløb [Kristian Monslaup], Knud Schouge [Knut Skauge], Børge Oenes [Berge Ones], Gudmund Qualuog [Gudmund Kvalvåg], Magne Bruntland [Magne Bruntland], Lars Hopland [Lars Hopland], Iffr Løffaas [Iver Lauvås], Hans Qualuog [Hans Kvalvåg], Erich Aaraas [Erik Årås]. Tingsaker: --1a: Kongen sitt skattebrev for 1670 opplese. --1b: Kunngjort kong Christian 5. sitt påbod av 29.4.1670, om at alle bøne- og klageskrift (supplikasjoner) til han må vera påskrive og kontrollert på førehand. Påbodet retta til stathaldar Vlrich Friderich Guldenlew [Ulrik Fredrik Gyldenløve], som gav same ordren nedover til amtmann i Bergenhus amt, Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk]. --2: Christen Knudsen [Kristen Knutsen] på Tomas Gilbertsen [Tomas Gilbertsen] sine vegne la fram ei stevning i retten mot Søffren Søffrensen d.y. [Søren Sørensen d.y.] og Peder Finde [Peder Finne] - sokneprest til Førde pr.gj. [Førde prestegjeld], og prost i Siundfiord [Sunnfjord]. Saka galdt 1 løp smør og 1 får i garden Risse [Risse] - av Søren pantsett til Tomas, som med dette ville ha stadfesting på kravet sitt. Ingen av dei stevna møtte. Futen bandla ("Arresterede") landskylda inntil nærare utgreiing i saka. --3: Niels Pedersen Schreder(?) [Nils Pedersen Skredder](?) stevna Iffuer Niøten [Iver Njøten], fordi Iver ikkje nemner Nils ved sitt rette namn, men kallar han "Grøden" [Grøten]. Iver møtte, og vedgjekk dette. Men sa at fleire gjorde det same. Iver tildømt å bøta 1 mark sølv til kongen, og ikkje nemna ordet meir. --4: Kunngjort kanslaren si befaling av 3.5.1670: At ved betaling av tienden, så skal almuen i Lindås sk.r. levera fisken deiras til Mogens Dauidsen [Mons Davidsen] på Feddie [Fedje]. 25.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [HALSVIK TINGSTOVE] I [GULEN SKIPREIDE]. 1670: 13, 13b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Claus Molde [Klaus Molde], Erich Risnes [Erik Risnes], Jetmund Eide [Jetmund Eide], Jens Østgulen [Jens Austgulen], Mogens Westuig [Mons Vestervik], Jørgen Myre [Jørgen Myre], Hans Grinnen [Hans Grinde], Joen Kiellinguold [Jon Kjellevoll], Joen Høeuig [Jon Høyvik], Joen Knaruig [Jon Knarvik], Johans Dale [Johannes Dale], Lars Glenie [Lars Glenja], Johans Høeuig [Johannes Høyvik], Ole Nappen [Ole Nappen]. Tingsaker: --1a: Kongen sitt skattebrev for 1670 opplese. --1b: Og likeså påbod om at alle bøne- og klageskrift (supplikasjonar) skal vera kontrollerte og påskrivne før dei er komne til kongen. --2: Futen let stevna Peder Poulsen Norgulen [Peder Paulsen Nordgulen], Colben Tuetten [Kolbein Tveit] og Effuend Suendsen Nesse [Eivind Svendsen Nesse]. Trass i tilseiing frå skyss-skaffaren, så møtte dei ikkje opp til skyssing av kanslaren på hans reise til møte i Overhoffretten. Kvar av dei vart tildømt å bøta 1/2 rdl. til kongen. --3: Futen stevna endå ein gong Anne Olsdatter Sande [Anna Olsdotter Sande] og Karj Joesepsdatter [Kari Josefsdotter] (sjå under

VÅRTINGet 18.3.1670 for Gulen sk.r.). Anna skal "efter hendis beretning" ha lege i barselseng for Kari. Anna vedgjekk no å ha lege 8 dagar for Kari i barselseng, men at Kari fødde barnet. Og etter omlag 7 veker gjekk ho til kyrkjes. Der let ho seg "Indlede" (som inngangskone) i kyrkjedøra av no avdøde sokneprest Styrch [Styrch]. Nett likesom andre kvinner gjorde etter å ha fødd barn. Kari møtte og for retten, men nekta høglytt å ha fødd barnet ho vert skulda for. Hans [Hans Sande] og Knud Sande [Knut Sande]: Visste ikkje meir om dette enn det Anna sjølv fortalde dei, då ho låg i barselseng. Dei var bedne om å stå fadder på barnet - det barnet som Anna sa var hennar eige. Dei stod deretter fadder i Effuenuig Prestegaard [Eivindvik Prestegard]. Men då barnet vart døypt, tvilte ("Tiufflede") no avdøde prost Styrch på korleis Anna Olsdtr. så snart kunne ha barn igjen. Han gav seg då til å rekna litt etter på tida, og kom til at dette neppe kunne stemma. Dei 2 mennene sa dei visste ikkje anna enn ryktet på bygda hadde å fortelja. Hans Sande: Steson hans, Rasmus Mogensen [Rasmus Monsen] - som no er i Nordland for han, hadde fortald at Kari Josefsdtr. hadde senga si på vestre sida i floren på Sande i den veka barnet vart fødd. Futen krov no at saka måtte bero til

HAUSTTINGet - i von om fleire opplysningar. --4: Niels Vndal [Nils Undal] [Nils Åmdal] stevna Mogens [Mons Halland], Hans [Hans Halland] og enkja Halland [Enkja Halland], fordi dei hadde teke hesten ("Horset" = hoppa) hans og bunde den i garden deiras. Straks etter skal den ha vore død. Mons, Hans, og enkja sin son, Anders Iffuersen [Anders Iversen Halland] møtte i retten. Dei vedgjekk at Anders tok hoppa og batt den i garden om sundagen etter preika. Måndagen slapp han den laus i marka att. Claus Molde [Klaus Molde] og Jørgen Myre [Jørgen Myre]: Sa dei såg hestehovudet, som på eine sida var så sundslege at dyret ikkje kunne gå. Avgjerd: Dei tiltalte bør innan 14 dagar bøta 4 slettmark kvar til Nils for hoppa. 27.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [EIKANGER TINGSTOVE] I [EIKANGER SKIPREIDE]. 1670: 13b, 14 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Essem [Mons Eidsheim], Siur Ascheland [Sjur Askeland], Aschild Ascheuig [Askild Askvik], Børge Jordal [Berge Jordal], Lars Eidtznes [Lars Eidsnes], Mogens Quinge [Mons Kvinge], Anders Fyllinge [Anders Fylling], Anders Hindenes [Anders Hindenes]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Og befaling om kontroll og påskrift av bøne- og klageskrift (supplikasjonar) til kongen. --2: Hans Hougsdal [Hans Haugsdal] og Wemund Eye [Vemund Eide] vart tilkjent å bøta til kongen 3 mark sølv kvar, for deiras usemje og slagsmål på tinget. --3: Sæfind Eide [Sefind Eide] tilkjent å lata Niels Rødland [Nils Rødland] "were følgagtig" eit lam som tilhøyrer Nils, og som sist haust hadde forvilla seg vekk frå flokken hans. 28.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [HOSHOVDE TINGSTOVE] I [HOSANGER SKIPREIDE]. 1670: 14 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Mieldstad [Mons Mjelstad], Magne Hannistuett [Magne Hanstveit], Peder Wahre [Peder Vare], Niels Miøs [Nils Mjøs], Gulich Noraas [Gullik Nordås], Niels Hoele [Nils Hole], Haluor Øffsthus [Halvor Øvsthus], Rasmus Hannistuett [Rasmus Hanstveit], Jørgen Bernes [Jørgen Bernes], Ole Litland [Ole Litland], Lars Øffsthus [Lars Øvsthus], Fusse Aasemb [Fuse Åsheim], Ole Hoffstuett [Ole Haugstveit]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Og befaling om kontroll og påskrift av bøne- og klageskrift (supplikasjonar) til kongen. --2: Konene til Haauor Haaland [Håvard Håland] og Lauritz ibm: [Lars Håland] vart tilkjente å bøta til kongen 1 mark sølv kvar, for slagsmål og munnbruk mot kvarandre. Og for at Håvard ikkje hadde halde smalen sin vekk frå Lars sin bø. Kvinnene vart advart mot vidare slik framferd. --3: Lauritz Sandal [Lars Sandal] tildømt å bøta 1/2 mark sølv til kongen for å ha slege til Johans Tuett [Johannes Tveiten]. 29.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [REIGSTAD TINGSTOVE] I [MJELDE SKIPREIDE]. 1670: 14, 14b, 15, 15b, 16 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Elling Burcheland [Elling Burkeland], Tomas Hundhammer [Tomas Hundhamar], Mogns Restad [Mons Reigstad], Erich ibm: [Erik Reigstad], Mogens Lofttaas [Mons Loftås], Oluff Watle [Ole Vatle], Anders [Anders Øvste-Mjelde] og Johans Øffstemielde [Johannes Øvste-Mjelde], Mogens Haffre [Mons Havre], Rasmus Blomb [Rasmus Blom], Anders Mitmielde [Anders Midt-Mjelde], Anders Riffuenes [Anders Rivenes], Rasmus Ascheland [Rasmus Askeland]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Og påbod om at alle bøne- og klageskrift (supplikasjonar) skal vera påskrivne og kontrollert av statthaldar Vldrich Friderich Guldenlew [Ulrik Fredrik Gyldenløve], før dei vert lagt fram for kongen. --2: Kunngjort følgjande skiftebrev etter avdøde Søffren Nielsen Foxs [Søren Nilsen Fox] - forrige fut i Nordhordland: (Dokumentet omskrive) Cathrine Hansdatter [Katrine Hansdotter] - enkje etter avdøde Søren Nilsen Fox, let kunngjera "ei rett og lovleg buregistrering og arveskifte" mellom seg og deiras umyndige dotter, Wibeche Sørensdatter [Vibeke Sørensdotter]. Til stades var Offue Jensen [Ove Jensen] - borgarmeister i Bergen [Bergen] - far til Katrine, og hennas 4 brør: Jens Hansen [Jens Hansen] - sokneprest til Gloppen pr.gj. [Gloppen prestegjeld] i Nordfiord [Nordfjord], Otte Hansen [Otto Hansen] - sokneprest til NyeKierchen i Bergen [Nykyrkja i Bergen], Samuel Hansen [Samuel Hansen] - kapellan til Dombkierchen i Bergen [Domkyrkja i Bergen], og Peder Hansen [Peder Hansen] - sokneprest til Eidtzfiord pr.gj. [Eidsfjord prestegjeld] i Nordfiord [Nordfjord]. Vidare var tilstades: Futen Peder Andersen [Peder Andersen], sorenskrivar Hans Hansen [Hans Hansen], Jesper Skrøder [Jesper Skrøder] - borgar i Bergen, og Giert Doett [Gjert Dott] - borgar i Bergen. VERDIAR I BUET: Av gull og sølv: 1 gullkjede på 16 lodd og 1 kvintin. 1 armband på 8 lodd og 1/2 kvintin. 2 gullringar på 3 kvintin. Alt verdsett til 175 rdl., 5 mark og 4 sk. Av sølv: 1 kanne på 64 lodd. 1 kanne på 62 lodd. 1 kanne på 44 lodd. 5 beger på 52 lodd. Eit drikkekar på 43 lodd. 1 potte på 23 lodd. 1 skål på 22 lodd. 8 konfektskåler på 60 lodd. 2 smørbrikker på 14 lodd. 22 skeier, 1 røyrskei, 1 brennevinskål - tilsaman 92 lodd. Alt verdsett til 218 rdl. og 1 mark. 1 diamantring til 40 rdl. Mynta gull for 50 rdl. 1 sølvkanne på 92 lodd, men denne var enkja si festargåve frå ektemannen, og vart halde utanfor registreringa og skiftet. Av jordegods: Valestrand [Valestrand] med underliggjande Elvik [Elvik] og Eide [Eide] - alt for 700 rdl. Runnhovde [Runnhovde] for 216 rdl. Diverse: Handskrifter og reide pengar for 800 rdl. Av kveg på Valestrand var det 23 "stort og smått" - 57 rdl. og 3 mark. Av tinn: 16 fat, 26 tallerkner, 3 smørbrikker, 3 salsirkner (salsirken: lite fat/skål til smør, fett, duppe o.l.), 2 halvkanner - tilsaman 2 våger og 1 pund, verdi 14 rdl. Av messing: 2 par lysestakar - 2 rdl. 2 messingbekkener - 1 rdl. og 1 mark. 1 dørslag - 1/2 rdl. 1 messingkjele - 2 mark. 1 fyrbekken - 1 rdl. 1 "schombschee" - 2 mark. 2 strykejern - 1 rdl. Av kopar: 1 kjele - 6 rdl. 1 "schideche" kjele og 2 kvarters kjeler - ialt 6 rdl. 1 brikkefat - 5 mark. 1 fyrfat - 3 mark. 2 innvendig fortinna koparpanner med lok - 2 rdl og 2 mark. Av jernvarer: 1 flat gryte - 4 mark. 1 lita gryte - 2 mark. 1 lang steikepanne - 1 mark 4 sk. 1 rund steikepanne - 1 mark. 2 rister - 2 mark. 2 skjæringer og 1 bakstehelle - ialt 8 mark. 1 eldskyffel og 1 eldtang - ialt 1 rdl. 2 lysesakser - 1 mark 4 sk. Av trevarer: 1 eikeseng med innlagt svart tre - 14 rdl. 1 grøn fureseng - 3 rdl. 1 kvit fureseng - 2 rdl. 2 naglefaste furesenger - ialt 3 rdl. 3 slagbenker - 1 1/2 rdl. 1 kryssbeslått kiste - 8 rdl. 1 svart beslått eikekiste - 4 rdl. 1 svart beslått skrin med hattefor på loket - 2 rdl. 3 mark. 1 beslått skrin med kobbeskinn på loket - 2 rdl. 1 beslått eikeskrin med ei skuffe under - 1 1/2 rdl. 1 reiseskrin med ei skuffe under - 9 mark. 1 beslått skrin - 2 rdl. 1 Danziger skrin - 8 mark. 3 små fureskrin - 2 rdl. 4 høge lærstolar - 1 rdl. 3 grøne "Lauge" (lave) Danziger stoler - 4 mark. 1 stort måla fureskap med 5 rom i og 5 låser - 5 rdl. 2 "Lauge" (lave) lærstoler - 1 rdl. 1 flaskefór - 1 rdl. Av linklær: 4 dreielsbordduker - 6 rdl. 2 dreielsbordduker - 2 rdl. 10 stryedreielsbordduker - 6 rdl. 1 langt fint dreielshandklede - 4 mark. 1 par fine Kloster lerretslaken - 6 rdl. 1 par fine heimegjorte lerretslaken - 4 rdl. 4 par lerretslaken - 10 rdl. 4 par halvslitne lerretslaken - 2 rdl. 4 par stryelerretslaken - 4 rdl. 1 par fine Kloster lerretsputevar med fine, breie kniplingar - 6 rdl. 1 par fine putevar med breie kniplingar - 2 rdl. 2 par nye heimegjorte lerretsputevar med bindverk - 3 rdl. 5 par små putevar - 2 rdl. 1 spegel - 8 mark. Borddukar ("Bordkleder"), benkedyner, hynder (flat/lang pute til benk/sete) og anna: 1 raud, fin bordduk - 7 rdl. 1 grøn, kledes bordduk - 2 rdl. 1 raud bordduk - 2 rdl. 1 broket bordduk - 1 rdl 2 mark. 4 nye Flamske hynder - 4 rdl. 4 sydde ("Syde") hynder - 3 rdl. 3 gamle hynder - 3 mark. 2 gamle benkedyner - 1 rdl. 1 omheng til ei seng og 3 stykk blomstret tøy med silkefrynser - 2 rdl. 1 vanleg omheng til ei seng og 3 stykk med kappe - 8 mark. 1 taft omheng, 5 stykk og 1 sengeklede og silkefrynser - 30 rdl. Raud fløyel for 2 puter - 3 rdl. Sengklær: 2 underdyner - 12 rdl. 3 halvslitne underdyner - 8 rdl. 3 dundyner - 14 rdl. 2 små underdyner - 2 1/2 rdl. 2 litt slitne underdyner - 2 rdl. 2 halvslitne underdyner - 2 rdl. 5 hoveddyner - 7 rdl. 5 halvslitne hoveddyner - 4 rdl. 2 lange olmerduks putevar - 3 rdl. 10 små puter - 5 rdl. 1 bjørneskinn trekt med raudt klede - 3 rdl. 1 randet sengeklede - 9 mark. 2 åklær - 10 mark. 1 kvit kvittel - 3 mark. Av avdøde sine eigne ting: Gangklær for 63 rdl. Bøker - 16 rdl. Gevær - 16 rdl. --------- Frå ovannemnde formue vert trekt 100 rdl., som avdøde hadde gjeve til den umyndige dottera si, og lova at pengane skulle setjast på rente frå den tid ho vart fødd og til ho gifte seg. Hovedstolen og forfallen rente til no utgjer 130 rdl. Vidare vert trekt frå ein arv på 29 rdl., 5 mark og 6 sk., som avdøde hadde motteke etter ei Ingeborg Espeland [Ingeborg Espeland] (på vegne av kona eller dottera). Enkja si brureseng og sengklær, er i vurderinga ovanfor verdsett til ialt 80 rdl. Men ho får ingen støtte til gravferdskostnadene. Desse 3 punkta går ifrå buet, som dermed sit att med ein verdi av 2298 rdl. --------- Men ettersom ein del av formuen består av klær, hushaldsreidskap og anna lausøyre som ikkje sånn utan vidare kan gjerast om i reide pengar - og dottera ikkje treng noko særleg av desse tinga sidan ho framleis er umyndig - og for at ikkje sakene berre skal stå og forfalla inntil dottera ein gong får bruk for det, så gjorde enkja Katrine Hansdotter - med samtykkje frå far sin og brødrene sine - den lovnad og avtale, at for dottera Vibeke Sørensdotter sin farsarv, så vil ho betala henne ein rund sum på 1000 rdl. i reide pengar så snart dottera vert myndig eller gifter seg. I tillegg vil ho betala heile bryllaupet til dottera, og attpå gje ho ei like god brureseng som hennas eiga var. Inntil dottera vert myndig eller kjem i ekteskap, så går avtalen/lovnaden vidare ut på at mora av sine eigne pengar skal halda dottera med hus, mat og klede, og gje ho god opdraging og skulegong. For alt dette skal dei 1000 rdl. stå utan rente. Dei 130 rdl. som avdøde i si tid sette til sides for dottera, vil no mora lata stå vidare til 6 % rente, inntil dottera vert myndig eller gift. Men skulle mora avgå ved døden før dottera vart myndig eller gift, så skal dei nemnde lovnadene gjerast om i ein samla pengesum, som i påsyn av myndigheit og slektningar skal plasserast annan stad til omsorg for jenta. Og for å halda dottera skadeslaus ved denne lovnaden, så stiller mora underpant for tilsvarande verdi i formuen sin. Dette dokumentet er skrive ut i 2 likelydande eksemplar - korav Katrine beheldt det eine, og dottera sine morbrødre det andre. Bergen, den 8. juni 1670. Dokumentet underskrive av Katrine Hansdotter, Ove Jensen, Jens Hansen, Otto Hansen, Samuel Hansen og Peder Hansen. Som vitne: Peder Andersen, Hans Hansen, Jesper Skrøder og Gjert Dott. 30.7.1670 L

LEDINGSTING PÅ [YTRE ARNE TINGSTOVE] I [ARNE SKIPREIDE]. 1670: 16b, 17 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Johans Indre Arne [Johannes Indre Arne], Anbiørn Jordal [Anbjørn Jordal], Knud Brueraas [Knut Brurås], Ole Arnetuet [Ole Arnetveit], Johans Hoele [Johannes Hole], Ole Fougstad [Ole Faugstad], Ole Semb [Ole Seim], Iffuer Toequamb [Iver Takvam], Arne Toftt [Arne Tuft], Marchus Ytre Arne [Markus Ytre Arne]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Så og hans befaling om kontroll og påskrift av bøne- og klagebrev før dei kjem til kongen. --2: Kona til borgarmeister Peter Troel [Peter Troel], Anne Wibe [Anna Wibe], let stevna Marite [Marta Øvreeide] - tenestejenta på ØfreEide [Øvreeide]. Anna hadde hatt 2 av Marta sine sauer til leige. Og utan at avtalen var oppsagt til lovleg tid (frå Marta si side) ("Tuende Smaller som hun hafde satt hinde til leye, och hinde iche i Louglig tid oppsatt"), så hadde Marta vore og henta dei. Ho vart såleis stevna av Anna for å ha teke smalane utan løyve. I leigetida døydde også ein av smalane, så Marta hadde - fortsatt utan løyve, berre funne seg ein ny frå Troel sin flokk. Marta var til stades i retten, og kunne ikkje nekta for å ha bytt ut den døde smalen med ein ny. Men no har fru borgarmeister fått smalane att, sa ho. Ole Raadsmann [Ole Eidsvåg] - gardsstyrar på Eidsvåg: Han tok Marta i håret og leidde henne ut att or smalehuset i Eidtzuog [Eidsvåg], då ho ville ta med seg smalane. Han sa og at kona hans slo til Marta 1 gong. Marta: Påstod det var 2 slag. Ole: Hadde det ikkje vore for at Marta var for retten, så skulle han ha slege henne på munnen. Avgjerd: Marta tilkjent å bøta 1 mark sølv til kongen, fordi ho av uforstand ulovleg tok smalane. Ville Marta ha sauene sine att - og leige for dei, må ho søkja dette hjå Troel. Ole dømt til også å betala 1 mark sølv til kongen, fordi han i retten hadde trua Marta. --3: Jørgen Aasem [Jørgen Åsheim] tildømt å betala til Joen Arne [Jon Arne] 4 1/2 mark i reide pengar innan 14 dagar. --4: Ole Toppe [Ole Toppe] let stevna Tollach ibm: [Tollak Toppe] for 4 rdl. i samband med Ole si avståing av bruket sitt på Toppe til Tollak. Av ymse grunnar ("Da formedelst sine Aarsager...") vart Ole tilkjent berre 2 rdl. av kravet sitt, og som Tollak må betala innan 14 dagar. 1.8.1670 L

LEDINGSTING PÅ [HOP TINGSTOVE] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 17, 17b, 18 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Fredrich Stene [Fredrik Stend], Ole Hop [Ole Hop], Steffen GrimbsEid [Steffen Grimseid], Steffen Hammersland [Steffen Hammersland], Simen Schiold [Simen Skjold], Lasse Nordaas [Lasse Nordås], Ole Eide [Ole Eide], Niels Dyngeland [Nils Dyngeland], Ole Totland [Ole Totland], Peder Hornes [Peder Hordnes], Vincentz Nøttuet [Vinsents Nøttveit], Lars Søraas [Lars Sørås], Mogens Sambdal [Mons Samdal], Ole Biørndal [Ole Bjørndal], Michel Bircheland [Mikkel Birkeland], Arne Totland [Arne Totland], Niels Schiold [Nils Skjold], Ole Titelstad [Ole Titlestad], Peder Hop [Peder Hop]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Så og kongen si befaling om kontroll og påskrift av bøne- og klagebrev før kongen får desse i hende. --2: Etter krav frå Lauritz Lauritsen Rosenberg [Lars Larsen Rosenberg] vart kunngjort følgjande pantebrev: (utdrag) Skyldnar: Oluf Steffensen Schage [Ole Steffensen Skage]. Kreditor: Lars Larsen Rosenberg. Lånesum og vilkår: 48 rdl. med forfall 20.9.1670. Trygd for lånet: 1.ste prioritets pant i 1 sølvbelte på omkring 18-20 lodd, 1 koparkjele av volum 1 1/2 tønne, 1 do. do. 1 tønne. Vidare 6 kyr og 3 undersenger med 4 hoveddyner. Bergen, 1.9.1669. Vitne: Engelbricht Erichsen Buntmager [Ingebrigt Eriksen Buntmaker] og Jan/Johan Ottesen [Jan Ottosen] [Johan Ottosen]. Ole Skage underskreiv med sitt bumerke (s. 17b). --3: Laurs Henne [Lars Hedno] stevna Erich Baardsen Vlsmoeg [Erik Bårdsen Ulsmåg] for ein øyrefik Lars fekk av Erik i eit festarøl på Bircheland [Birkeland]. Far til Erik møtte og vedgjekk Erik sitt neveslag. Erik tilkjent å bøta 3 mark sølv til kongen. --4: Borgarmeister Offue Jensen [Ove Jensen] på vegne av arvingane etter avdøde Søffren Nielsen [Søren Nilsen] med stevning mot enkja etter avdøde Ibe Jacobsen Hucheland [Ibe Jakopsen Haukeland] ved Mogens Aslachsen [Mons Aslaksen]. Sak: 11 rdl. 4 mark 10 sk. og 1 album i resterande skatt for 1668 av garden Hucheland [Haukeland] til kongen. Michel Selgensen [Mikkel Selgensen] la fram skattemanntalet, og viste at posten framleis stod open. Lensmann Peder Søraas [Peder Sørås] hadde vore og kravd skatten hjå enkja. Ho vedsto seg skatteskulda, men sa ho hadde eit motkrav på borgarmeisteren (".. haffde Regenschab met Borgemester, .."). Avgjerd: Enkja dømt til straks å gjera opp for seg. Og har ho motkrav på borgarmeisteren, då må ho ta dette opp som eiga sak. --5: Mogens Aslachsen [Mons Aslaksen] stevna Baste Natland [Baste Natland] for slagsmål mot Mons. Baste møtte for retten, og vedgjekk å ha slege til Mons. Men grunnen var at Baste hadde funne Mons med øks, hest og slede på ulovleg hogst i skogen hans. Dette kunne Mons ikkje nekta for. Dei vart no forlikte, og skildest som vener. Men Baste måtte bøta til kongen 1 mark sølv for slagsmål. Og Mons like mykje for ulovleg skogshogst, utan at hans husbond, Niels Ørbech [Nils Ørbech], kjende til det. --6: Rådmann Peder Hansen let stevna Lars Mittun [Lars Midtun] for 11 rdl. i skuld til Peder. Men Lars var ikkje til stades i retten. Hans Jensen [Hans Jensen] krov dom, og Lars vart dømt til å betala innan 14 dagar. --7: Lars Arnesen Helleren [Lars Arnesen Hilleren] klagde seg sterkt for retten, at husmannsplassen han budde på aldri hadde vore taksert for landskyld, før den av siste kommisjonen vart skyldsett til 1/2 pund. Plassen var berre ein ring husmannsplass. Den fødde 3 kyr, og hausta 1 våg havre. Likevel har Lars måtta betalt 1 rdl. i (årleg?) grunnleige til jordeigaren. Og i tillegg over lengre tid gjeve skatt til kongen. Ein del av lagretten stadfesta at plassen aldri tidlegare hadde vore skyldsett. Og at Lars hittil hadde betalt meir av plassen enn det den var god for - dette til større armod for Lars enn for andre husmenn. 2.8.1670 L

LEDINGSTING PÅ [SKOGE TINGSTOVE] I [SARTOR SKIPREIDE]. 1670: 18b, 19 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Oluf Hambre [Ole Hamre], Niels Lochøen [Nils Låkøy], Willemb Worland [Vilhelm Vorland], Jacob Hammersland [Jakop Hammersland], Mogens Waarland [Mons Vorland], Hans Kousland [Hans Kausland], Anders Bildøen [Anders Bildøy], Vincentz Selle [Vinsents Sæle], Rasmus Landraa [Rasmus Landro], Erich Knapschouff [Erik Knapskog], Oluf Fielde [Ole Fjell], Anders Arefiord [Anders Arefjord], Michel Agattnes [Mikkel Ågotnes]. Tingsaker: --1a: Opplese kongen sitt skattebrev for 1670. --1b: Og kongen si befaling om kontroll og påskrift av bøne- og klagebrev før desse kjem til kongen. --2: Etter krav frå Catrine Loduigsdatter Munte [Katrine Ludviksdotter Munte] kunngjort dette skøytet: (utdrag) Seljar: Inger Olufsdaater Worm [Inger Olsdotter Worm] - enkja etter avdøde Jens Schielderup [Jens Schielderup], forrige superintendant over Bergen stift. Kjøpar: Katrine Ludviksdotter Munte - enkja etter avdøde Søren Jensen [Søren Jensen], borgarmeister i Bergen. Jordegods: 1 1/2 våg fisk landskyld i odelsjordegods i Øffre Galten [Øvre Golten] i Sartor sk.r., med bygsel. I tillegg eit laksevarp under same gard - nyleg oppretta, og som etter kontrakt vert brukt av Lauridtz Kousland [Lars Kausland] mot 2 gode laksar i årleg leiga. Bergen, 20.5.1670. Vitne: Otte Hansen [Otto Hansen] - sokneprest til Nye Kierchen [Nykyrkja], og Effuert Effuertsen [Edvard Edvardsen] - konrektor i Bergen. 17.8.1670 RETTSMØTE I [SANDVIKEN] I [ARNE SKIPREIDE]. 1670: 19, 19b Retten sine menn: Lensmann Johans Indre Arne [Johannes Indre Arne], Steffen Blindem [Steffen Blindheim], Anbiørn Jordal [Anbjørn Jordal], Johan Aastuet [Johan Åstveit], Mogens Sangstad [Mons Songstad], Ole Arnetuett [Ole Arnetveit], Daniel Seluig [Daniel Selvik], Hans Jordal [Hans Jordal], Johans Eichaas [Johannes Eikås], Ifr Toquam [Iver Takvam], Halsteen Blindemb [Halstein Blindheim], Ole Tuenes [Ole Tunes]. Tingsak: Fut Peder Andersen let framføra for retten ei kvinne, Karj Lauritzdatter [Kari Larsdotter], som frivillig vedgjekk å ha vore "beligget och besoffuet" av stefar sin, Anders Olsen Setterdal [Anders Olsen Sedal]. For 14 dagar sidan - rekna frå igår, fødde ho eit barn, Anders [Anders Andersen], på Indre Arne [Indre Arne], der ho sat i forvaring. Ho fastheldt at stefaren var far til barnet - ettersom ho berre hadde vore ilag med han. Første gongen det skjedde, var heime på garden Setterdal [Sedal] 14 dagar etter "Michels dag sidst forleden", då ho sat i eldhuset med brødbaking. Sidan nokre gonger heime på garden, og nokre gonger ute i marka. Og då folk merka ho var med barn, rømte ho av frykt heimanfrå saman med stefaren. Først kom dei til ein gard Kallestad [Kallestad] på Voss [Voss], der dei låg om natta. Sidan for dei vidare opp til Rødland [Rødland]. Deretter rak dei omkring i bygdelaget i 7 dagar. I mellomtida rømde stefaren frå henne. Jenta sa ho kunne vera 18 eller 19 år gamal. Ho visste inga anna råd no etter å ha vorte åleine, enn gje seg på veg heim att til mor si på Sedal. Drengen Johans Johansen ØdeJord [Johannes Johannesen Øyjord] følgde henne på heimvegen over fjellet, ettersom ho ikkje kunne gå åleine. Same drengen - som no er i teneste hjå mor til jenta, hadde tidlegare bede om hennas hand. Men stefaren ville ikkje tillata noko ekteskap mellom dei. Futen ville døma jenta med ein gong, men saka sett på vent til retten kunne få rådspørgja seg med lagmannen. 9.9.1670 kom retten saman igjen - no på [Bergen Rådstue], i ovannemnde blodskamsak. For si misferd vart Kari Larsdtr. dømd til halshogging, etter Christian 4. sin Recess, side 178. Og etterpå skulle kroppen kastast på elden og oppbrennast. Alt ho eigde skulle tilfalla kongen. 21.9.1670 RETTSMØTE PÅ [ALVØY] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 20, 20b Retten sine menn: Lensmann Peder Smøraas [Peder Smørås], Steffen Hammersland [Steffen Hammersland], Lasse Nordaas [Lasse Nordås], Ole Eide [Ole Eide], Lasse Smøraas [Lasse Smørås], Ole Biøndal [Ole Bjørndal], Niels Yttre Hop [Nils Ytre Hop]. Tingsak: Brandanus Wagener [Brandanus Wagener] sin fullmektig stevna Arnoldus [Arnoldus] - lesemester i Bergen [Bergen]. Saka galdt ein (husmanns)plass kalla Rambsuig [Ramsvik], som Brandanus meinte etter ein riktig markegang låg til garden Alfføen [Alvøy], og at korkje Arnoldus eller Lektoratet [Lektoratet] hadde noko med plassen å gjera. I retten vart framlagt kong Christian 4. sitt brev, der Alvøy med alt tilliggjande ved makeskifte vart overdrege til Anne Richertzdater [Anna Richertsdotter] og hennas arvingar frå kongen - alt til odel og eige. (Gjort før 1647) Det vart og vist til ein heimtingsdom av forrige lesemester - no avdøde Peder Lemb [Peder Lem]. Arnoldus la fram sitt bestallingsbrev frå kongen på at han hadde rett til å råda over alt som låg til Lektoratet. (Skattematr. 1647 har "lesemester" som eigar av m.a. desse gardane i Skjold sk.r.: Breivik, Drotningvik, Myr, Hilleren, Skare, Mathopen og Hetlevik) Arnoldus ba vidare om at følgjande opplysning vart tilføydd saka: (?) "at tilforne i førige tide er gaaet 4 Rdr aff Elffuen (Alvøy?) i S/alige Magister Rasmusis [Rasmus] tid, foruden dend løb landschyld aff gaarden," (?). Arnoldus krov så at Christian Berring [Kristian Berring] viste med sin bygselseddel kor mykje han gav i årleg leiga til Alvøy av (husmanns)plassen Kongshaffn [Kongshavn]. Men Kristian sa han var ikkje lovleg stevna. Arnoldus fortalde at no avdøde Joris [Joris] hadde teke opp ei øydejord (ny husmannsplass?) tvers ovanfor Kongshavn, (?) "och der Imoed formeener at wil tage ind paa Læsmesters goedz til Wederleg, Huilchet M: Arnoldus formeente at were meere end alt det goedtz hans Ko: Ma: har faait igien til wederleg." (?) Og foregav at han ikkje hadde fått landskyld eller 3.dje-bygsel på 6 år av dei 3 løp smør Lektoratet har fått i vederlag. Ei heller bygsel av dei 6 1/2 løp smør som "bygsel skal følgje." Heile følgjet foretok så synfaring på den omstridde plassen Ramsvik. Likeså på markstrekningen mellom Alvøy og Drotningsuig [Drotningsvik] - dette som prov i saka. Arnoldus ville no ha fram Peder Myere [Peder Myr], Erich Hetleuig [Erik Hetlevik] og Peder Drotningsuig [Peder Drotningvik] som vitne. Vidare meinte han at tvistemålet burde kunna løysast av ei 12-mannsnemnd. Dertil krov han utsetjing av saka. Og så vart heile greia utsett til våren. 10.10.1670

HAUSTTING PÅ [FREKHAUG TINGSTOVE] I [HERDLA SKIPREIDE]. 1670: 20b, 21, 21b, 22 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Ole Landzuig [Ole Landsvik], Michel Wigebøe [Mikkel Vikebø], Jeremias Wig [Jeremias Vik], Peder Ryland [Peder Ryland], Anders Husebøe [Anders Husebø], Lars Oen [Lars Oen], Michel Røsland [Mikkel Rossland], Magne Tuett [Magne Tveiten], Peder Herleuer [Peder Herdlevær], Tøris ibm: [Tørris Herdlevær], Niels Alfføen [Nils Alvheim], Anders Houland [Anders Haugland], Jacob Koursbøe [Jakop Kårbø], Lars Siurdal [Lars Sjurdal], Ole Kleppe [Ole Kleppe], Tomas Rong [Tomas Rong], Knud Dale [Knut Dale]. Tingsaker: --1a: Kunngjort nokre av kongen sine forordningar. --1b: Og kanslar/amtmann Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk] sine befalingar. --2: Enkja etter avdøde Hans Tomasen [Hans Tomassen] - byskrivar i Bergen, krov opplese følgjande pantebrev: (utdrag) Skyldnar: Hans Christensen Paus [Hans Kristensen Paus] - teologistudent. Kreditor: Hans Tomassen. Lånesum, trygd og vilkår: 70 rdl. - med pant i det jordegods som vil tilfalla skyldnaren etter hans avdøde far. Istaden for renter kunne kreditor med kone og born fritt få råda over nemnde jordegods. Bergen, 7.12.1664. Vitne: Christen Nielsen [Kristen Nilsen] - medtjenar og kannik til Korskierchen [Korskyrkja], samt skyldnaren sin svoger, Anders Brussel [Anders Brussel] (gift med syster til Hans Paus - og medarving til same jordegods). Pantebrevet utvida den 20.9.1665 med eit lån på 54 rdl. - men no til Poffuel Christensen Paus [Paul Kristensen Paus]. Han må vera ein bror til Hans Paus, for Paul pantsette her sin arvepart av jordegodset etter sin avdøde far. --3: Hans Hansen Blix [Hans Hansen Blix] - sokneprest til Manger [Manger], stevna Laurs Oen [Lars Oen], Knud Tieldstad [Knut Tjelstø] og Niels Alfføen [Nils Alvheim], vedkomande ei sak om fisketienden til han. Lars Oen og Nils Alvheim møtte i retten. Dei sa dei gav full fisketiende ved Bergenhus Slodtz brygge [Bergenhus Slott] av all fisken dei fanga. Og meinte at dei ikkje burde gje tiende på meir enn 1 plass. Hans Blix la fram ein supplikasjon (eit brev) av 1633. Vidare framlagt lagmann Peder Raffn [Peder Ravn] si utgreiing frå 1636. Denne siste sa Lars og Nils seg ikkje nøgd (enig) med. Dei gav uttrykk for usemje om betalinga av denne fisketienden. Avgjerd: Retten kom til at den ikkje kunne døma i denne saka no. Bøndene fastheldt at kvar og ein av dei alltid har gjeve sin fisketiende ved Bergenhus av all fisken dei fanga. Dei meinte denne ordninga skulle omfata alle - også dei sjølve, som budde innafor ein avstand på 4 "mil" (á 11,3 km) frå Bergen. Saka utsett til kongen si representant, samt bispen - som oppebar denne tienden ved Bergenhus, kunne møta i retten. Likeså måtte herredagsdomen om innkrevjing av tienden innafor dei 4 mil, finnast fram. --4: Johan/Jan Wit/Witte [Johan Widt] [Jan Widt] av Bergen var stevna av Mogens [Mons Hjelmen], Gregoris [Gregorius Hjelmen] og Haluor Hielmen [Halvor Hjelmen], fordi han hindra dei i å fiska på deiras rettmessige stader. Johan møtte for retten. Han spurde dei 3 bøndene om dei heldt fast ved stevnemålet mot han, og det gjorde dei. Johan ville vidare vita om dei ikkje hadde "Land och leyemaal noch for deris Landschyld foruden Waagen," (område nok for seg sjølve, i tillegg til vågen/fjorden). Dei hadde, sa dei til det, likså mykje som andre bønder, og ikkje noko å missa. Johan vedgjekk å ha fått dei 9 rdl. for fisken som vart fanga med hans not - pengar som han meinte tilkom han. For dei andre hadde kasta med deiras eiga not, og ved salget av den fisken fekk ikkje han (som jordeigar) noko av dette. Avgjerd: Johan måtte ikkje med sitt eige fiskebruk blanda seg bort i hans bygselmenn på Hjelmen ("hans Landbønder") sitt fiske på deiras område ("leigemaal"). Men skulle fisket verta så godt at bøndene ikkje overkom alt med si not, då var Johan som jorddrott den neste til å få fiska framføre nokon framande. Elles måtte han ikkje slå gras på deiras bøar, eller la feet sitt beita i marka deiras, utan at dei gav han løyve. Meinte Johan at landskylda på garden kunne setjast høgare, måtte dette skje ved lovleg synfaring. Av dei 9 rdl. i utbytte då dei nytta Johan si not ved seifiske på deiras leigemål, kom retten til at Johan gav bøndene halvedelen. For framtida burde partane dela på det når begge nøtene var i bruk. (".. bør de at schiftte til halfnet met Jan Witte..") --5: Anders Hougland [Anders Haugland] tilkjent å betala 9 mark til Oluff [Ole Haugland], grannen sin. Han hadde brukt Ole sin hest, som avgjekk ved døden. --6: Den tidlegare saka med Johans Hetleuig [Johannes Hetlevik] og drengen som han fann drukna i sjøen og tok opp, vart utsett igjen inntil vidare. Grunnen var at futen ikkje var tilstades i retten. --7: Magne Tuett [Magne Tveiten] stevna Rasmus ibm: [Rasmus Tveiten]. Rasmus møtte, og tilstod å ha kalla Magne for tjuv, fordi han ikkje hadde gjeve kongen, kyrkja og presten tiend av 3 sk. "jordbrug" i Tuett [Tveiten]. Magne sa at gardsbruket hans i lang tid hadde vore pålagt ei viss tiend, som han årleg hadde betalt. Rasmus kunne ikkje prova skuldinga si. Saka i bero inntil vidare. --8: Magne Tuet [Magne Tveiten] stevna atter Rasmus ibm: [Rasmus Tveiten] - no fordi Rasmus hadde sloppe hesten (uvisst kven sin hest) inn i løa der kornet og høyet til Magne låg. Av den grunn vart dette delvis øydelagt. Rasmus vedgjekk, og vart dømd til å betala 1 mark sølv til kongen. 12.10.1670

HAUSTTING PÅ [ALENFIT SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 22, 22b, 23, 23b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Lars Mundal [Lars Mundal], Knud Midgaard [Knut Midgarden], Hans Fosse [Hans Fosse], Anders Selleuold [Anders Selevoll], Ole Grøtuet [Ole Grøtveit], Ole Mundal [Ole Mundal], Lars Lechnes [Lars Leknes], Omund Gieruig [Amund Gjervik], Joen Nesse [Jon Nese], Anders Kaaberdal [Anders Kapperdal, Brynild [Brynild Kvamme], Arne Quamme [Arne Kvamme], Gudmund Aasse [Gudmund Åse], Knud Totland [Knut Totland]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princess in Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmann Lars Mundal med fleire sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Friderich Marschalch [Johan Fredrik Marskalk]. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka som følgjer: (utdrag) For omkring 3 veker sidan kom ein offisér med bod frå Slottet. Alle soldatane i skipreidet skulle møta der, kvar medbragt kost for 14 dagar. Dette til tross for at ein del budde berre "2 1/2 - 3 - 4 Mil" (á 11,3 km) frå byen, slik at dei lengst vekk buande kunne reisa inn på 2 dagar, og dei fleste på 1 eller 1/2 dag. For dette måtte kvar legd gje "6 á 7" mark. Nokre av soldatane vart i tillegg lova heimatt før dei 14 dagane var til endes. Soldatane som møtte opp på Slottet, dreiv med litt mønstring. Elles heldt dei vakt, og bar møk. Klagen gjekk vidare ut på at forrige år hadde alle soldatane vore inne på Slottet, for å setja opp steingjerde. For dette måtte kvar legd gje "3 á 4" mark. I tillegg hadde kvart legd dei siste 2 1/2 år - etter påbod frå kapteinløytnant Poul Jensen [Paul Jensen] - måtta gje ".. til Gewehret (geværet) 4 á 5 march, och nogle til 2 Rdr, ..". Desse pengane hadde kapteinløytnanten sjølv teke mot. Og kvar soldat måtte halda vakt ved Slottet 3 månader kvart år. Men dei som ville gje pengar, slapp for 2 rdl. Dette etter soldatane si eiga skildring, som best dei kunne forklara. Alt strevet med soldatane er no såleis falle på almuen nesten så tungt som kongen sine skattar. Klagen gjekk også ut på at almuen sine båtar under byføring med ved, høy og halm for salg, i nokre år etter påbod først måtte leggja til ved Slottet og levera varer der utan å få noko igjen. Dette skjedde enno dagleg, trass i at almuen betalte gjengjerd, vedpengar og fredtoll (ymse skattar) til kongen, for å vera fri for slikt bry. Heller ikkje var det gjeve noko kongeleg forordning om at almuen skulle levera varer vederlagsfritt til Slottet. Frå før er almuen pålagt å betala ein årleg pengeskatt for dette - innført og fastslege i kongen si "Ledingsbok". Og likevel vart dei plaga med slikt ekstra bry frå Slottet si side. Dokumentet datert Bergen, 30.3.1670. --2: Jens Jensen [Jens Jensen] av Bergen [Bergen] stevna Mogens Gieruig [Mons Gjervik] for gjeld. Men Mons møtte ikkje. Han var ikkje lovleg stevna, så saka sett på vent til dess. --3: Siur Berføre [Sjur Berfjord] stevna Hans Feste [Hans Feste], fordi Hans hadde bede presten ".. hafue hans Kone paa Predichestoelen." Hans nekta. I bero til presten kunne få seia noko til saka. --4: Baste Lyren [Baste Lygra] stevna Ole Hansen Feste [Ole Hansen Feste]. Ole hadde sagt til Baste at innan han skildest frå han, så skulle han ikkje eiga meir enn som Ole fyllte sjø i ausekaret på eine sida av båten medan han rodde, og tømde det ut att på andre sida. Ole møtte i retten og sa at Baste hadde skjelt han ut. Baste tilstod såvidt at han hadde kalla Ole "Hosbonds Øll" (husbondens øl), men ikkje meint det som noko tjuvskulding. Begge vart for deiras usemje dømt til kvar å betala 1 mark sølv til kongen. --5: Haauor Otteraas [Håvard Odrås] tilkjent etter stevnemål å betala halv erstatning - 4 rdl. - innan 14 dagar, til sin "svoger" (i dette høvet: svigerson) Christian Hopland [Kristian Hopland]. Håvard hadde lånt Kristian sin båt med segl. Båten kom vekk saman med 2 av sønene til Håvard. (Må vera Håvard, og ikkje Kristian sine søner som var ute i båten. For elles var det vel ikkje noko lån) --6: Haluor Mundal [Halvor Mundal] stevna Endre Semb [Endre Seim] for gjeld. Endre møtte og tilstod vera skuldig 3 1/2 rdl. Vart dømt til å betala innan 14 dagar. --7: Iffuer Tolleffsen [Iver Tollevsen] stevna legdsmennene sine på Seim [Seim] for 9 mark, som dei var skuldig han for den tida han gjekk soldat for dei. Lars Mundal [Lars Mundal] sa at Karj Semb [Kari Seim], og Erich Kleffdal [Erik Kleivdal] på kona si sine vegne, ville betala deiras del av kravet. Legdet dømt til å betala soldaten det dei skulda han. --8: Jens Mogensen [Jens Monsen] på Samuel Hansen [Samuel Hansen] sine vegne la inn stevning på Steffen Hilleland [Steffen Hilland], fordi han ikkje hadde betalt landskyld og 3.dje-tage for 1669. Steffen møtte, og sa at han var hjå Samuel litt før jul og baud han 1/2 rdl. av det han skulda. Han ba samstundes om utsetjing med resten. Men Samuel ville ikkje ta imot avdraget. I retten la no Steffen på bordet dei 3 rdl. for 1669, og ba om å få betala dei med ein gong. Jens sa han ville ikkje ha pengane, og krov dom i saka. Avgjerd: Steffen dømt til straks å reisa til Samuel for der å gjera opp for skulda si, eventuelt saman med "Jule March" (Julemark: tilleggsavgift på 1 mark sølv som leiglendingen måtte betala, dersom han ikkje leverte landskylda innan julafta) om han vert krevd for denne. 14.10.1670

HAUSTTING PÅ [RADØY SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 23b, 24, 24b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Ole Wetaas [Ole Vetås], Siur Daland [Sjur Dalland], Mogens Hoele [Mons Hole], Lasse Hucheland [Lasse Haukeland], Gunder Nøttuet [Gunder Nøttveit], Steffen Sebøe [Steffen Sæbø], Mogens Manger [Mons Manger], Mogens Qualem [Mons Kvalheim], Anders Houland [Anders Haugland], Erich Bøe [Erik Bø], Johans Nøtuet [Johannes Nøttveit], Rasmus Giere [Rasmus Gjerde], Johans Helleland [Johannes Helland], Joen Soelem [Jon Solheim], Ole Soltuet [Ole Soltveit], Matis Qualem [Matias Kvalheim], Niels Olsuol [Nils Olsvoll]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmann Ole Vetås med fleire sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Ole Erichsen Wildanger [Ole Eriksen Villanger] stevna Ole ibm: [Ole Villanger], fordi han sette meir fe på beite i deiras felles mark enn det hans eige leigemål kunne tola. Ole sitt bruk var på 1/2 løp smør, og han hadde 18 fe gangandes på beitet. Bruket til Ole Eriksen var på 1/2 løp og 18 merker smør. Men han sette berre 12 fe på beitet. Ole møtte, og sa han berre hadde 16 fe på beite i "Haugen". Avgjerd: Ole fekk beskjed om ikkje å ha meir fe på beite i deiras felles mark enn hans eigen part kunne tola. Men viste det seg at beitet gav gras nok til fleire fe, då skulle det føretakast synfaring av ei nemnd. --3: Hans Blix [Hans Blix] stevna Torben Lunde [Torbein Lunde] og Ole Quame [Ole Kvamme] for resterande avgift av deiras bruk. Torbein vedgjekk å vera skuldig 1/2 tønne i landskyld for 1669, og som han straks ville betala. Men han var ikkje skuldig noko 3.dje-tage. Ole sa han var skuldig 1 pund smør, og for malt 4 mark, i landskyld for 1669. I tillegg 4 mark i 3.dje-tage. Han baud seg å betale. Begge vart dømde til å gjera opp for seg. --4: Brukarane på Nord Wetaas [Nore Vetås] vart stevna av Knud Soltuet [Knut Soltveit], fordi dei sette hans "Schyd" (må vera eit husdyr) inn i deiras hus, slik at det døydde. Siur [Sjur Vetås] og Endre Wetaas [Endre Vetås] møtte, og tilstod at "Schydet" vart sett i hus for ei natt og ein dag. Men dei la ikkje hand på det i vond meining. Då dei jagde dyret ut att or huset, la det seg ned for å døy attmed garden. Avgjerd: Kvar av dei 2 partane dømt til å erstatta halve verdien, på det viset at dei 2 på Vetås betalte for halv skade 1 rdl. til Knut innan 14 dagar. 17.10.1670

HAUSTTING PÅ [LINDÅS SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 24b, 25, 25b, 26, 26b Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Bondelensmann Iffr Fammestad [Iver Famestad], Christian Mogensløb [Kristian Monslaup], Gudmund Qualuog [Gudmund Kvalvåg], Berie Oenes [Berge Ones], Helge Houge [Helge Hauge], Haauor Berge [Håvard Berge], Hans Qualuog [Hans Kvalvåg], Johans ibm: [Johannes Kvalvåg], Omund Hunduen [Amund Hundvin], Ole Groff [Ole Grov], Iffr Wig [Iver Vik], Mogens Tuett [Mons Tveiten], Rasmus Qualuog [Rasmus Kvalvåg]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Lytich (Lyteche, Lyche, Lykke) Hansen [Lytich Hansen] - sokneprest til Lindås, krov opplese eit arveskiftebrev (utdrag) etter avdøde Ingeborg Lykkisdatter [Ingeborg Lytichsdotter Busch]. Ho var gift med Peder Busch [Peder Busch] - den neste soknepresten til Lindås. Dei hadde 4 umyndige born i 1667: Fredrich [Fredrik Busch], Lisbeth [Lisbet Busch], Anne [Anna Busch], og Femme [Femme Busch]. Arven utgjorde 1/2-delen av Ingeborg og Peder si eiga. Denne bestod for det meste av inventar, klede, lausøyre og utstyr m.m., verdsett til kring 2000 rdl. Av dette tilkom Peder ein halvedel, og resten fordelt på borna slik: Sonen sin part 400 rdl. Kvar av døtrene 200 rdl. Peder løyste ut borna sine partar av arvetinga i pengar. Sidan borna enno var umyndige, skulle Peder ha dei ialt 1000 rdl. ståande hjå seg utan rente. Men flytte ein eller fleire av dei ut or heimen, vart kvar sin arvepart å forrenta med 6 % så lenge pengane stod hjå Peder. Til trygd for desse låna sette Peder alt han eigde i 1.ste prioritets pant. Inntil borna vart 18 år, skulle Peder syta for deiras underhald og skulegang av sine eigne midlar. Borna sine tilsynsmenn: Faren Peder, Peder sin svigefar, Lytich Hansen, samt Jacob Busch [Jakop Busch] - busett i Engesund [Engesund]. Qualuognes [Kvalvågnes], 19.11.1667. Vitne: Niels Loss [Nils Loss] - busett i Kilstrøm [Kjilstraumen]. Han var bror til svigermor til Peder. Ifuer Busch [Iver Busch] - borgar i Bergen [Bergen], men busett i Sundfiord [Sunnfjord]. Ifuer Fammestad [Iver Famestad] - lensmann i Lindås sk.r. Knud Schouge [Knut Skauge] - lagrettsmann same plass. --3: Niels Loss [Nils Loss] stevna Ole Risøen [Ole Risøy], fordi han utan lov hadde fjerna ein kjele frå huset sitt. Kjelen var nemleg pantsett til Peder Finde [Peder Finne] for 5 1/2 rdl. og 4 mark. Ole møtte, og tilstod. Han forklarte det med at han hadde betalt ned på gjelda. Avgjerd: Kjelen skulle vera der den var, inntil Ole hadde betalt til Peder det den var pantsett for. --4: Niels Loss [Nils Loss] på vegne av Peder Finde [Peder Finne] stevna Oluff Risøen [Ole Risøy], fordi han hadde selt eit hus som stod på bruket. Ole tilstod å ha selt huset for 6 rdl., men bygt opp eit anna i staden for - til 10 rdl. Saka sett opp til synfaring på åstaden. --5: Christian Mogensløb [Kristian Monslaup] stevna Mogens [Mons Synnevåg] og Lars Sønneuog [Lars Synnevåg]. Dei hadde fått låna hesten til Kristian, for å kjøyra møk. Og så døydde hesten. Mons og Lars var tilstades i retten. Dei hadde brukt hesten. Men etterpå slapp dei den laus i marka, kor den døydde. Dei meinte ansvaret for hesten då var over for deiras del. Avgjerd: Av hesten sin verdi på 9 mark, vart eigaren og brukarane dømde til å betala kvar sin halvpart. --6: Erich AarAas [Erik Årås] stevna Iffr Wig [Iver Vik] for ei gjeld på 2 rdl., som Iver vedgjekk. Iver dømd til å betala. 19.10.1670

HAUSTTING PÅ [HALSVIK TINGSTOVE] I GULEN SKIPREIDE]. 1670: 26b, 27, 27b, 28 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Claus Molde [Klaus Molde], Erich Risnes [Erik Risnes], Jens Østgulen [Jens Austgulen], Jacob Opdal [Jakop Opdal], Iffr Fosdal [Iver Fausdal], Lars Klefftuet [Lars Kløvtveit], Joen Høeuig [Jon Høyvik], Mogens Westeuig [Mons Vestervik], Joen Killinguold [Jon Kjellevoll], Johans Høeuig [Johannes Høyvik], Hans Grinnen [Hans Grinde], Siur Moldland [Sjur Molland], Ole Hougsdal [Ole Haugsdal], Aslach Steene [Aslak Steine], Jørgen Myre [Jørgen Myre], Johans Dale [Johannes Dale], Joen ibm: [Jon Dale]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmann Klaus Molde samt nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Ellj [Eli Fix] - kona til Christen Søffrensen Fix [Kristen Sørensen Fix], spurde i retten Joen Dale [Jon Dale] og Johans ibm: [Johannes Dale] om det ikkje var så at dei 2, samt grannane deiras, hadde gjeve henne og mannen lov til å setja opp bustadhus ("Huse och Werelser") på deiras almenning, Dalsøer [Dalsøyra]. Dei tilspurde stadfesta at huset - slik som det no var bygt, kunne stå. Men vilkåret var at brukarane på Dale og andre rettshavarar framleis fekk ha fri tilkomst til området, som etter oppsette merkesteinar var deiras almenning. --3: Iffr [Iver Krossvoll] og Einer Korsuold [Einar Krossvoll] stod fram for retten og ba om tingsvitne (almue og lagrett sitt vitnemål). Sist vinter hadde eit stort skred teke alle husa til Iver, samt Einar si løe med deiras høy og korn. I tillegg hadde ein flaum for 3 dagar sidan gjort stor skade på jorda. Dei fekk vitnemål på ulukkene sine. --4: Ole Stor Matre [Ole Store Matre] og Ole ibm: [Ole Store Matre] ba sameleis om tingsvitne på at tidleg om morgonen jonsokdag sist sommar, så brann husa på garden deiras ned - og alt dei eigde for også med i vådeelden. Det som stod att, var løa og smalehuset. Dei og fekk stadfesting på skadeverket. --5: Futen let atter ein gong stevna Anne Olsdatter Sande [Anna Olsdotter Sande] og Karj Josepsdatter [Kari Josefsdotter] i samband med det barnet som ein av dei skulle ha fødd. Sjå under l

LEDINGSTINGet 25.7.1670 for Gulen sk.r., der saka forrige gong var oppe. Futen spurde no Anna kor lenge sidan det var at ho skulle ha lege i barselseng for Kari. Anna svara det kunne ha vore for 10 år sidan. Merknad: Dei vidare forklaringane er litt vanskeleg å finna samanhang i. Tingbokteksten seier ikkje alle stader heilt klårt kven som sa og gjorde kva. Difor er kvart avsnitt i historien her merkt med eit kryss, for å markera ein manglande samanhang med framhaldet. Anna forklarte vidare: X: Barnet vart fødd i floren. Berre mannen hennar (kven sin?) var til stades. Det såg ho (Anna?) då ho stelte dyra (".. huilchet hun saae da hun Røgte feet .."). X: Dei (kven av dei?) hadde barnet hjå seg i floren i 1 1/2 dag. X: Likevel hadde Kari barnet hjå seg inntil Søgnj Sande [Sygni Sande] - syster til Kari - kom for å sjå til barnet. Det vart då bore inn i stova. X: Deretter vart Anna trua av mannen sin til å leggja seg i barselsenga, som om ho sjølv nett hadde fått barn. Ho måtte også seia til grannane at det var ho som hadde fødd barnet. X: Anna hadde barnet hjå seg i "halftt tredie" år, før ho sette det bort til Kari si syster, Sygni. Der hadde barnet vore sidan - og var enno. X: Sidan gjekk det rykte på bygda. X: "År og dag" etter barnet var fødd, tok Sygni og putta det mellom stakken og kroppen hennas (kven sin?) ovantil, for deretter å ta det ut att nedan under stakken. X: Anna fekk spørsmål kvifor ho ikkje hadde nemnt denne saka då sorenskrivar og lensmann m.fl. i 1666 heldt arveskifte etter den avdøde mannen hennar. Ho hadde den gong utgjeve barnet som sitt eige ektefødde. Anna sa at ingen hadde spurt henne om dette. X: Jacob Oppedal [Jakop Opdal] forklarte i retten at for omkring 3 år sidan var han og lensmann Ole Østgulen [Ole Austgulen] hjå Anna. Dei hadde då spurt henne ut om denne saka, som det gjekk rykte om i bygda. Men Anna ville korkje vedgå eller nekta. X: Mannen til Sygni Sande ba om orsaking for at kona ikkje kunne møta i retten, då ho var sjuk. X: Kari Josefsdotter sa at ho såg seg ganske fri og skuldlaus i dette stevnemålet. Futen krov saka utsett til neste ting. --6: Ellj Laursdater Rutledal [Eli Larsdotter Rutledal] stevna Joen Grinde [Jon Grinde] for eit sølvbelte verdt 6 1/2 rdl., 4 rdl. i reide pengar, samt 1 børse (gevær) til 9 mark. Jon møtte ikkje, endå han hadde vore stevna 2 gonger før for dette. Lensmann Claus Molde [Klaus Molde] og Peder Norgulen [Peder Nordgulen] stadfeste for retten at Jon hadde fått desse tinga som tilhøyrde jenta. Ho hadde opprinneleg levert dei til Jon sin son, Jetmund Joensen [Jetmund Jonsen Grinde], ettersom han hadde vilja ha henne til ekte. Men då Jetmund var i Kongen si teneste, hadde han bede far sin levera sakene attende til jenta. Dette hadde han då ikkje gjort. Han hadde sett beltet i pant hjå Lars i Smuget [Lars i Smuget] i Bergen [Bergen]. Og børsa i pant hjå Joen Dale [Jon Dale]. Avgjerd: Jon Grinde dømt til innan 14 dagar å betala til jenta for beltet, børsa og dei 4 rdl. 21.10.1670

HAUSTTING PÅ [EIKANGER SKIPREIDE] SI TINGSTOVE. 1670: 28, 28b, 29 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Essemb [Mons Eidsheim], Ole Fyllinge [Ole Fylling], Knud Quinge [Knut Kvinge], Magne Echnes [Magne Eknes], Christian Ascheland [Kristian Askeland], Ole Echanger [Ole Eikanger], Børge Jordal [Berge Jordal], Ifr Hindenes [Iver Hindenes], Aschel Ascheuig [Askild Askvik], Mogens Eye [Mons Eide], Anders Hindenes [Anders Hindenes]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Inger Røe [Inger Rød] stevna kona til Niels ibm: [Nils Rød], fordi ho hadde teke ei rive frå henne og slege til henne med den nokre gonger. Nils møtte, og tilstod at kona hans hadde skubba til Inger. Mogens NerAas [Mons Nedreås] prova at han såg Inger var blodig, men kvar dette hadde skjedde, visste han ikkje. Anders Hindenes [Anders Hindenes] prova det same. Avgjerd: Nils Rød tilkjent å bøta på kona sine vegne 1/2 mark sølv til kongen. --3: Men det var ikkje slutt på ufreden på Rød med dette. Ovannemnde Nils Rød og den andre grannen, Niels ibm: [Nils Rød], tilliks med enkja Inger - også nemnd ovanfor, låg dagleg i krangel med kvarandre. Det var ikkje berre mellom dei innbyrdes, men også borna og folket deiras var dregne inn i denne vondskapen. Men no fekk dei i retten her ei klar åtvaring. Dersom dei ikkje no frå denne dag vart forligte som det sømer seg kristelege naboar og grannar, då vil dei verta straffa på hardaste måte til skrekk og åtvaring for andre som ikkje kan forlikast. --4: Bispen stevna følgjande for resterande avgifter: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Niels Weeland [Nils Veland] - 3 riksdalar i landskyld for 1668-69-70. Iffr Echanger [Iver Eikanger] - 9 mark i landskyld for 1669. Johans Weland [Johannes Veland] - 3 1/2 rdl. i 3.dje-take for 1668-69-70. Avgjerd: Alle måtte gjera opp for seg innan 14 dagar. --5: Ole [Ole Øvreås] og Oluf Øfreaas [Ole Øvreås] stevna oppsitjarane på Weeland [Veland], fordi desse skal ha sett hundane sine på 3 av deiras kalvar, og jaga dei til døde. Iffr Hindenes [Iver Hindenes] og Christian Ascheland [Kristian Askeland] hadde sett kalvane der dei låg døde. Dei tiltalte meinte påstanden burde provast. Avgjerd: Oppsitjarane på Veland dømt til å betala halv skadebot for kalvane, 1 rdl., innan 14 dagar. --6: Ole Joensen [[Ole Jonsen Nottveit] og Ole Matisen Nøtued [Ole Matiassen Nottveit] søkte tingsvitne på - og fekk det stadfest av lagrett og almue - at hus (fleire enn eitt) og løe (-r), med unnatak av 1 ein liten flor, på deiras gard Nottveit om natta ein månad før jul i 1669 brann ned til grunnen. Ingenting vart berga, utanom bufeet deiras. 24.10.1670

HAUSTTING PÅ [HOSHOVDE TINGSTOVE] I [HOSANGER SKIPREIDE]. 1670: 29, 29b, 30 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Mogens Mieldstad [Mons Mjelstad], Torchel Aasem [Torkild Åsheim], Magne Hanistued [Magne Hanstveit], Niels Hoele [Nils Hole], Gulich Nordaas [Gullik Nordås], Peder Wahre [Peder Vare], Haluor Blegelj [Halvor Bleikli], Peder Øffsthus [Peder Øvsthus], Lars ibm: [Lars Øvsthus], Ole Litland [Ole Litland], Johans [Johannes Hoshovde] og Johans Hoshoffde [Johannes Hoshovde], Niels Øffsthus [Nils Øvsthus], Anders Wea [Anders Veo]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Erich Houge [Erik Hauge] stevna Haauor Rachnes [Håvard Raknes] for 2 riksdalar, som han sat inne med av hans arv. Håvard møtte, og sa seg ukjend med saka. Men sa vidare at det skulle ha vore usemje om dette før han vart gift med kona si, som her måtte vera den rette å krevja gjelda hjå. Saka vart utsett til neste ting, for at borna sine formyndarar, Ole Aasem [Ole Åsheim] og Joen Fieldschaal [Jon Fjellskål] kunna møta i retten, for å gje ei forklaring. --3: Oluff Hougstuet [Ole Haugstveit], Oluf Totland [Ole Totland], Mogens Mieldstad [Mons Mjelstad], og Anders Teppestad [Anders Tepstad] stevna Johans Saugmester [Johannes Sagmester] på Tøsøen [Tysse], fordi han budde - og dreiv sagbruk ("Saughandel") - på deiras grunn og eigedom Tysse. Knud Tøsøen [Knut Tysse] møtte på vegne av Johannes Sagmester, og sa han var forlikt med Ole Haugstveit om 1 riksdalar. Retten meinte, at om lotteigarane fekk skade på eigedomen sin, då skulle saka stevnast inn på åstaden, for der å dømast. --4: Ole Dyrdal [Ole Dyrdal] stevna Niels Gietremb [Nils Geitrem] for noko arvegods som Nils hadde hjå seg, og som tilhøyrde Ole. Nemleg: 1 kjele, 2 "Saaer" (Så: stort, lagga kar, mest til bryggjing eller barking), 1 "børe" (?), 2 tønner korn, 1 "Tesach" (Tessak: sverd, kort sabel), 1 jarnhelle, 6 smalar, og leiga av 3 kyr i 3 år. Nils møtte, og sa at kjelen, som stod i eldhuset hans, vart stolen frå han 3 år etter arveskiftet skjedde. Hans Gietremb [Hans Geitrem] sa, at av kjelen sin verdi på 16 mark, så tilkom Ole 1 riksdalar ".. til forbedring paa en Klede Trøye, ..". Resten av kjelen sin verdi var delt med ein halvpart på Ole, medan den andre halvedelen tilhøyrde kona til Nils. Forøvrig var kjelen pantsett for skuldig tiend 5 1/2 rdl. på det tidspunkt den vart stolen. Partane vart i retten forlikte - og tok kvarandre i nevane på det. Ole skulle for heile kravet sitt få betalt med 1 god ku eller 3 rdl. av Nils. I tillegg skulle Ole få retten til (".. were følgagtig ..") 4 av smalane, dei 2 såene, "børen" og tessaken. Og deiras mellomverande skulle såleis no vera oppgjort for godt. 26.10.1670

HAUSTTING PÅ [REIGSTAD TINGSTOVE] I [MJELDE SKIPREIDE]. 1670: 30b, 31, 31b, 32 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Elling Burcheland [Elling Burkeland], Mogens Restad [Mons Reigstad], Ole Borge [Ole Borge], Ole Watle [Ole Vatle], Anders Øffste Mielde [Anders Øvste-Mjelde], Anders Riffuenes [Anders Rivenes], Fabians Mitmielde [Fabian Midt-Mjelde], Mogens Hafre [Mons Havre], Erich Restad [Erik Reigstad], Oluff Weffle [Ole Vevle], Rasmus Blomb [Rasmus Blom], Fabians ibm: [Fabian Blom], Rasmus Ascheland [Rasmus Askeland]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka. Utdrag av dokumentet er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Etter krav frå Johans Halleland [Johannes Halland] opplese eit gavebrev som følgjer: (utdrag) Lagrettsmann Johannis Iffuersen Halleland [Johannes Iversen Halland] - busett på garden Halland [Halland] i Mjelde sk.r. og nyleg gift med Marite Mogensdatter [Marta Monsdatter], gjer herved kjent for alle at den av oss 2 ektefolk som lever lengst, skal arva følgjande eignelutar: 1 sølvbelte på 24 lodd, 1 Agnus Dei kjede (halssmykke med motiv av Kristus som lammet med korset), 1 sølvskei, 1 kjele av romstorleik 1 tønne, 1 kiste med lås, og 1 tinnfat. I brevet vart også nemnt eit nyleg levandefødd barn, men død kort tid etter. Ingen fleire barn forøvrig i dette ekteskapet, sidan det vart sett opp gavebrev. Brevet måtte ikkje koma i konflikt med Kongen si lov A: B:, 22. kap., om tiend og fjerdingsgåve. Men brevet skulle gå framføre buet til den først avdøde, og denne sine arvingar elles. Likeeins skulle begge deiras arvingar heilt og fullt følgja gavebrevet sin ordlyd. Reigstad, 26.10.1670. Til vitne er ført sorenskrivar Hans Hansen [Hans Hansen] og lensmann Elling Burcheland [Elling Burkeland]. --3: Knud Reffuem [Knut Revheim] stevna Michel Schiestad [Mikkel Skistad], for å ha skjelt ut kona til Knut. Mikkel møtte, og nekta for dette. Oluf Iffrsen (Revheim?) [Ole Iversen] var stevna som vitne. Han og Knud Bircheland [Knut Birkeland] hadde høyrt Mikkel skjella ut Marite [Marta] - kona til Knut Revheim, for ei hore og "Teche" (Tekke: vaksen hosau). Dette skjedde no sist sommar. Knut Birkeland prova at han hadde høyrt kona til Knut Revheim snakka til Mikkel Skistad om at "Gierdsgaarden" (gjerdesgard: gjerde mellom inn- og utmark) ikkje var i skikkeleg stand. Vidare skal ho ha sagt at når gjerdet var iorden, då skulle Skistad-folket "iche bære saa mange børe bort som ellers er scheed, ..". Dertil skulle Mikkel ha svart at ho laug som ein "V-dyd". Avgjerd: Mikkel vart bøtelagt med ein 1/2 mark sølv til kongen. --4: Tosten Hoffden [Torstein Hovden] stevna Anne Schiestad [Anna Skistad] for 2 riksdalar og 3 mark. Men då Torstein vart spurt kvifor han krov henne for desse pengane, så visste han ikkje. Anna møtte, og sa seg ikkje vera skuldig han noko. Simen Gierestad [Simen Gjerstad] og Mogens Gierestad [Mons Gjerstad] prova at for omlag 8 år sidan vart Torstein og no avdøde Østen Schiestad [Øystein Skistad] - Anna sin ektemann - forlikte på tinget. Torstein skulle då gjera opp med Øystein for det Torstein var skuldig han - nemleg 1 våg korn og 8 skilling. Men samstundes nemnde ikkje Torstein noko om at han hadde eit motkrav på Øystein. Torstein stadfesta for retten at nemnde korn og pengar var betalt til Øystein. Avgjerd: Anna Skistad skal vera fri for Torstein sin tiltale, etterdi han ikkje kunne prova kravet sitt. --5: Bispen stevna følgjande for skuldig avgift: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Rasmus Restad [Rasmus Reigstad] - 2 rdl. i landskyld for 1669. Haluor Erstad [Halvor Erstad] - 6 rdl. i 1.ste-bygsel. Joen ibm: [Jon Erstad] - 7 1/2 mark i landskyld for 1669. Anders [Anders Småland] og Aschild Smaaland [Askild Småland] møtte ikkje. Avgjerd: Dei vart dømde til å betala det dei skulda. --6: Tomas Christensen [Tomas Kristensen] stevna følgjande for gjeld: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Gudmund Sundland [Gudmund Sundland] - 4 rdl. og 1 mark. Aschild Kleffland [Askild Kleiveland] - 10 1/2 mark. Baste Burcheland [Baste Burkeland] - 1 rdl. For dette hadde Tomas 1 tinnfat i pant. Oluf Schiestad [Ole Skistad] - 16 rdl., korav han nyleg hadde betalt 4 1/2 rdl., og restar no 11 1/2 rdl. Mogens Blomdal [Mons Blomdal] - 6 rdl. og 8 sk. Oluf Rasmusen Rødland [Ole Rasmussen Rolland] - 4 rdl. Rasmus Restad [Rasmus Reigstad] - 2 mark. Avgjerd: Sidan dei no for retten har tilstått å vera skuldig, så burde dei og betala. --7: Niels Rongued [Nils Rongved], Elling [Elling Rongved] og Oluff ibm: [Ole Rongved] vart alle tilkjent kvar å betala 1 riksort til Nils Bruduig [Nils Bruvik] innan 14 dagar. Dei hadde brukt "hans hors .." (Hors = hoppe) utav lov. 28.10.1670

HAUSTTING PÅ [YTRE ARNE TINGSTOVE] I [ARNE SKIPREIDE]. 1670: 32, 32b, Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Johans Indre Arne [Johannes Indre Arne], Mogens Sangstad [Mons Songstad], Ole Arnetuet [Ole Arnetveit], Anders Hoele [Anders Hole], Joen Romsloe [Jon Romslo], Knud Brueraas [Knut Brurås], Johans Eikaas [Johannes Eikås], Ole Tuenes [Ole Tunes], Arent Toftt [Arent Tuft], Ole Faugstad [Ole Faugstad], Haluor Rombsloe [Halvor Romslo], Ole Bouge [Ole Boge], Halsteen Blindem [Halstein Blindheim]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og nokre lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka: (utdrag) Lensmann Johans Indre Arne [Johannes Indre Arne], Anbiørn Jordal [Anbjørn Jordal] og Halsten Rødland [Halstein Rødland] skriv i klagemålet, at for omkring 3 veker sidan var ein offisér ved namn Abraham [Abraham] heime i skipreidet. Han befalte at alle soldatane skulle koma inn på Slottet, kvar med kost for 14 dagar. For dette måtte kvart legd gje 7 mark i pengar. Mogens Staffuenes [Mons Stavenes] slapp innkallinga, då han var i byen. Ein del av soldatane var inne i dei 14 dagane. Likevel vart nokre lova heimatt før tida var til endes. Dei som var inne på Slottet, dreiv med litt mønstring, vakthald, og innimellom bar dei møk. Legdsmennene vart nermast tvinga til å betala desse soldatane. I tillegg hadde nokre legd dei siste åra gjeve "til gewehret 3 - 4 - 7 á 8 mark". Alle desse småsummane tilsaman fall almuen nesten så tunge å klara som skatten til kongen. Så måtte kvar soldat halda vakt 3 månader kvart år. Men den som ville verta fri, slapp for 2 rdl. Forøvrig var også soldatane i dette skipreidet inne på Slottet sist år, for å mura steingjerde. For dette måtte kvart legd gje 3 mark, jamvel om dei fleste soldatane kunne nå inn til Slottet på mellom ein halv og ein heil dag. Og dei lengst vekk buande på halvannan dag når veret var godt. Sjå forøvrig utdrag av det opprinnelege dokumentet, og som er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Futen stevna Brynild Waxdal [Brynild Vaksdal], fordi han med vilje og forsett hadde rive opp og opna døra i tingstova. Futen hadde befalt at døra skulle vera attlukka. Grunna tiltalte sin fattigdom, fekk han ettergjeve bota på 2 rdl. til kongen. --3: Peder Arne [Peder Arne] var innstevna på grunn av ulyd på tinget. Son hans ba om orsaking for at faren ikkje kunne møta, då han var sjuk. --4: Samuel Hansen [Samuel Hansen] stevna Baard Mellingen [Bård Mellingen] for resterande landskyld. Bård sa seg vera skuldig 10 1/2 mark i landskyld for 1669. Han hadde bydd Samuel pengane for 2 dagar sidan, men då ville han ikkje ta imot dei. Bård dømt til å betala landskylda. --5: Tomas Christensen [Tomas Kristensen] av Bergen [Bergen] stevna følgjande for gjeld: (Namn/vedgjekk å vera skuldig) Ole Andersen Dale [Ole Andersen Dale] - 7 rdl. Men hadde for 3 dagar sidan betalt av på dette med 1 "Quie" (kvige?) til 3 rdl. Niels Waxdal [Nils Vaksdal] vart kravd for 21 rdl. 8 sk., men møtte ikkje. På hans vegne kom Niels Stanghelle [Nils Stanghelle] fram. Han sa at Tomas for 14 dagar sidan hadde fått av Nils Vaksdal i "Quie" (kvige?) på fordringa. Men Nils Stanghelle visste ikkje verdien. Unge Ole Waxdal [Ole Vaksdal d.y.] - 11 rdl. 2 mark. Niels Stanghelle [Nils Stanghelle] - 4 rdl. 2 1/2 mark. Han hadde sent til Tomas 4 bukkeskinn i betaling. 2.11.1670

HAUSTTING PÅ [HOP TINGSTOVE] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 33, 33b, 34 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Lensmann Peder Smøraas [Peder Smørås], Fredrich Steen [Fredrik Stend], Steffen Ham/m/ersland [Steffen Hammersland], Ole Eide [Ole Eide], Niels Dingeland [Nils Dyngeland], Gieble Steen [Geble Stend], Simen Schiold [Simen Skjold], Ole Schage [Ole Skage], Ole Lund [Ole Lund], Arne Totland [Arne Totland], Peder Hornes [Peder Hordnes], Ole Heldal [Ole Heldal], Michel Bircheland [Mikkel Birkeland], Jens Hucheland [Jens Haukeland], Erich Borge [Erik Borge], Mogens Sambdal [Mons Samdal], Lasse Søraas [Lasse Sørås], Niels Schiold [Nils Skjold], Matis Bratland [Matias Bratland], Niels Natland [Nils Natland], Niels Hope [Nils Hope]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som lensmannen og 2 lagrettsmenn sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka: (utdrag) Almuen på 10 av tingstadene i Nordhordland futedøme gav til kjenne eit felles klagemål. Dei nytta høvet på bakgrunn av kanslaren si skriftlege befaling, om at futen skulle peika ut lensmannen saman med nokre lagrettsmenn og legdsmenn i kvart skipreide. Desse skulle så reisa til byen og framføra eventuelle klagemål frå almuen. Såleis skreiv lensmann Peder Smøraas [Peder Smørås] og lagrettsmennene Ole Sandal [Ole Sandal] og Ole Eide [Ole Eide] i klagemålet på vegne av almuen i Skjold skipreide: For omkring 3 veker sidan kom det eit påbod frå kapteinløytnant Poul Jensen [Paul Jensen] ved oberst von Cicignon [von Cicignon] sitt kompani. Frå dette skipreidet skulle alle soldatane som ikkje var sjuke eller heldt vakt elles, koma inn til Slottet, kvar med kost for 14 dagar. For dette måtte kvart legd gje sin soldat 7 mark, jamvel om ein del av soldatane berre budde 3/4 - 1 mil, og dei lengst vekke, 2 mil (1 mil = 11,3 km) frå Slottet, og såleis kunne reisa inn på 1/2 dag. I desse 14 dagane dreiv ein del av soldatane med mønstring og litt vakthald, samt bar møk ut på åkrane. Likevel vart nokre av dei lova heimatt før tida var omme, på grunn av pengar. Utanom dette var alle soldatane sist år inne på Slottet i 8 dagar, for å mura steingjerde. For dette måtte legdet gje soldaten sin 4 slettemark. Elles vart det klaga på at ein del av soldatane ikkje var like lenge på vakt og i arbeid. Nokre kjøpte seg fri, slik at dei som var att, måtte ta vakta og arbeidet. Soldatane hadde sagt til legdsmennene sine, at dei forøvrig måtte stå vakt i 3 månader kvart år, men her kunne ein koma fri mot 2 rdl. Og om legdsmannen ikkje straks betalte det som var bestemt, så trua soldaten med å ta pengane med makt. Sjå forøvrig utdrag av det opprinnelege dokumentet, og som er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Lars Larsen [Lars Larsen] krov opplese for retten følgjande panteskøyte: (utdrag) Pantsetjarar: Lagmann og kommisær Hans Hansen [Hans Hansen], rådmann Peder Hansen [Peder Hansen], og stiftsombudsmann Niels Hansen [Nils Hansen]. Panthavar: Lars Larsen. Det pantsette godset: Flesland [Flesland] i Skjold sk.r., av skyld 1 løp smør og 1 tønne malt, Schage [Skage] i Skjold sk.r., av skyld 2 løp smør og 1 hud. I tillegg nokre gardar i SamAnger [Samnanger] av Apostelgodset, på borgarmeister Peder Pedersen [Peder Pedersen], og Carl Rosen Meyrs [Karl Rosenmeyer] av KiøbenHafn [København], sine vegne. Ialt 700 rdl., som Nils Hansen på deiras vegne i diverse god og gangbar mynt har stilt til rådvelde. Bergen, 28.8.1663. Utdrag av heile dokumentet under

HAUSTTINGet 4.11.1670 for Sartor sk.r. --3: Niels Olsen [Nils Olsen] ved Nøstet [Nøstet] stevna Hillebrant Stølen [Hillebrant Stølen], fordi han sist sommar hadde teke nota hans utan lov, og dermed hindra han i hans næring med fiskebruket. Nota vart også sundriven. Hillebrant møtte, og sa at Nils hadde hatt 2 av Abel Munte [Abel Munte] (Hillebrant si "Matmoeder") sine kyr i forpaktning. Desse dyra døydde medan dei var hjå Nils. Etter påbod frå Abel Munte tok Hillebrant - saman med ein mann han ikkje kjende, nota til Nils no sist sommar straks etter jonsokdag, medan den låg på Dambsgaard [Damsgård] sitt område. Hillebrant sa at han var Abel Munte sin rådsmann (gardsstyrar), og ikkje hennas tenar. Han gav henne 14 rdl. årleg i forpaktning av plassen Støelen [Stølen]. Vidare sa han at Abel let Nils få nota si att litt før "St. Michels dag" no sist. Avgjerd: Hillebrant vart kjent skuldig på alle punkt, og måtte bøta 1 mark sølv til kongen. Og 2 rdl. i skadebot til Nils innan 14 dagar. --4: Lasse Mittun [Lasse Midtun] stevna Bendix Raadsmand [Bendiks Rå] - rådsmann/gardsstyrar på Rå. Bendiks hadde ei kvige som skulle tilhøyra Lasse. Han sende bod med Anne Baardsdater [Anna Bårdsdotter] om å henta kviga på Rå, så den ikkje skulle eta opp håa, slik "som den haffde giort met haugen". Bendiks møtte, og sa at han hadde ei 14 års gamal jente, som Anna hadde spurt om kviga. Jenta hadde då svara at det var ei framand kvige blant deiras buskap. Bendiks hadde og sagt til Anna, at om så var, så kunne den berre hentast før den åt opp håa, slik som "den giort med Haugen". Men den kviga som dei no tretta om, den var hans, påstod Bendiks. Og den hadde ikkje vore or marka hans i sommar. Stinne Schage [Stine Skage]: Den omtvista kviga kom springande frå Mittun [Midtun] og inn i Schage [Skage] si mark, kor den gjekk i 14 dagar. Sidan gjekk den i Hoffuertun [Håvardstun] si mark i sommar. Elles visste ho ikkje anna enn at den var Lasse si. Og at kona til Lasse sendte bod om å jaga kviga heim att. Lasse Hoffuerstun [Lasse Håvardstun]: Han sa omlag det same, men trudde kviga kom frå Håvardstunmarka og inn på Rå si mark. Ville ha inn systrene Anne [Anna Bårdsdotter] og Zidtzele [Sissel Bårdsdotter], samt Anne Olsdater [Anna Olsdotter] som vitne på at kviga tilhøyrde Lasse. Oluf Andersen Raadsmand [Ole Andersen Rå] - gardsstyrar på Rå: Det var Bendiks si kvige, og den hadde gått i marka på Rå i sommar. Han såg den blant det andre feet til Bendiks rundt påsketider i vår - på den tid Ole kom på bruket sitt. Bendiks gav den fór saman med dei andre dyra på Rå. Agatte Gutormsdater [Agate Guttormsdotter]: Visste ikkje kven si kvige det var, endå ho hadde vore i teneste hjå Bendiks i 3 år. Ho slutta der sist vår. Bendiks ville no ha kona til Ole Andersen som vitne, og dermed vart saka utsett til neste ting. 4.11.1670

HAUSTTING PÅ [SKOGE TINGSTOVE] I [SARTOR SKIPREIDE]. 1670: 34, 34b, 35, 35b, 36, 36b, 37, 37b, 38, 38b, 39 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Mogens Willem Worland [Mons Vilhelm Vorland], Ole Hambre [Ole Hamre], Hans Kousland [Hans Kausland], Lars ibm: [Lars Kausland], Anders Kobeltued [Anders Kobbeltveit], Anders Arefiord [Anders Arefjord], Vincentz Selle [Vinsents Sæle], Michel Windenes [Mikkel Vindenes], Ole Echerhoffde [Ole Ekrhovda], Peder ibm: [Peder Ekrhovda], Erich Knapschouff [Erik Knappskog], Ole Fielde [Ole Fjell], Anders Bildøen [Anders Bildøy], Ole Colbensen Echerhoffde [Ole Kolbeinsen Ekrhovda], Tomas Børnes [Tomas Børnes], Ole Waage [Ole Våge]. Tingsaker: --1a: Kunngjort kongen sitt brev om "Princessin Styr" - om utstyr og medgift i samband med ei kongsdotter sitt giftarmål. --1b: Futen la fram for retten - og krov opplest - kopi av eit forsegla, skriftleg klagemål, som nokre lagrettsmenn frå dette skipreidet sist vår hadde gjeve til kanslar Johan Fredrik Marskalk. Klagen galdt soldatane si utrustning m.m. Futen spurde no lagretten og almuen om klagemålet framleis stod ved lag. Til det svara dei ja. Etter felles krav vart så klagen innført i tingboka: (utdrag) Almuen gav til kjenne eit felles klagemål vedkomande soldathaldet. Dei nytta høvet på bakgrunn av kanslaren si skriftlege befaling, at futen skulle peika ut lensmannen saman med nokre lagrettsmenn og legdsmenn i kvart skipreide. Desse skulle så reisa til byen og framføra evntuelle klagemål frå almuen. Såleis skreiv lensmann Ole Bielcherøen [Ole Bjelkarøy], saman med Anders Bildøen [Anders Bildøy], Michel Snecheuig [Mikkel Snekkevik], Ole SørEcherhoffde [Ole Søre Ekrhovda], Niels Hummelsund [Nils Hommelsund], Anders Arefiord [Ander Arefjord], Willem Børnes [Vilhelm Børnes], Hans Kousland [Hans Kausland] og Ole NordEcherhoffde [Ole Nore Ekrhovda] i klagemålet på vegne av almuen i Sartor skipreide: For omkring 4 veker sidan kom det eit påbod frå kapteinløytnant Poul Jensen [Paul Jensen]. Alle soldatane frå dette skipreidet skulle koma inn på Slottet, kvar med kost for 14 dagar. For dette måtte kvart legd gje (til sin soldat) 7 mark i pengar, jamvel om dei fleste av soldatane vart lova heimatt før dei 14 dagane var til endes. Og endåtil kunne dei lengst vekk buande reisa inn til Slottet på 1 - og somme på 1/2 dag når veret var godt. Ein del av soldatane kunne fortelja til legdsmennene sine, at i den tida dei var inne, så bar nokre møk om dagen. Somme stunder stod dei vakt, og om sundagen dreiv dei med mønstring. Utanom dette var alle soldatane sist år inne på Slottet i 8 dagar, for å mura steingjerde. For dette måtte legdet då gje soldaten sin 4 slettemark. Kvar soldat måtte stå vakt 3 månader om året. Dei som ville sleppa vakttenesta, kunne kjøpa seg fri for 9 mark. Til vedlikehald av geværet måtte kvart legd gje mellom 3 og 7 mark - alt ettersom. Sjå forøvrig utdrag av det opprinnelege dokumentet, og som er å finna under

HAUSTTINGet 12.10.1670 for Alenfit sk.r. --2: Niels Lochøen [Nils Lokøy] og Hans Algrøen [Hans Algrøy] stevna Ole [Ole Tellnes] og Iffr Telnes [Iver Tellnes]. Saman med Mogens [Mons Hagenes] og Anders Hagenes [Anders Hagenes] hadde desse hindra Nils og Hans i deiras rett til kvalfangst i Skoge [Skoge] kvalvåg. Dei innstevna møtte, og forklarte at dei arbeidde med ein kval dei hadde fanga. Saksøkjarane budde langt vekke, og kom dei ikkje til hjelp før kvalen var død, og klar til å delast mellom dei som hadde vore med på kvalen. Avgjerd: Sidan saksøkjarane saman med andre "af Arilds tid" har vore med i fangsten av kval der i vågen, då skulle ikkje bøndene hindra kvarandre i dette. Men når jorddrotten som eig kvalvågen, seier noko anna, vert hans rett å følgja. I tingboka er no innført ein del brev i ordrett attgjeving frå kongen m.fl. Dette var brev som på kvar tingstad vart opplese for lagrett og almue. Breva vert kort nemnde her som følgjer: --A: Kong Christian 5 sitt brev av 20.7.1670 om "Princessin Styr". Brevet galdt innkrevjing av pengar til utstyr og medgift for prinsesse Wilhelminna Ernæstina [Wilhelmina Ernestina] sitt giftarmål med Carl Luduig [Carl Ludvig] - pfalsgreve ved Rhin og hertug av Bayern. Kongen sitt forrige "Princessin Styr"-brev var frå 1.7.1664. --B: Kong Christian 5 sitt brev av 17.8.1670 om diverse skatte- og administrasjonssaker. --C: Kong Christian 5 sitt brev av 12.8.1670, der amtmennene i Noreg vart bedne om å la futane laga så rette som mogeleg jordebøk over såvel kongen som andre sitt jordegods. Samt ein like så rett matrikkel. Dette skulle då brukast ved utskriving av skattane. Fristen for arbeidet vart sett til 3 månader etter kunngjeringa i kvart futedøme. --D: Kong Christian 5 sitt brev av 12.8.1670 om kyrkjene sin tilstand og deiras rett til heile tienden. --E: Kong Christian 5 sitt brev av 12.8.1670 om overdraging av Kongsberg Sølvverk [Kongsberg Sølvverk] til "participanter". --F: Admiral Cort Adeler sitt brev av 27.8.1670 om bortpakting av tjørebrenningstienden og tømmertienden for 3 år - rekna frå 1.1.1670. Brevet galdt innbyding til interesserte å senda inn tilbod på dette. --G: Johan Fredrik Marskalk sitt brev av 6.9.1670 om 4 av dei ovannemnde kongelege forordningane, som Marskalk hadde motteke frå visestatthaldar Ove Juel. Pkt. B: Om opphevinga av 2 skattar. Dei som hadde betalt for mykje på desse, skulle få det godskrive på annan skatt. Pkt. C: Om jordebøkene og den nye matrikkelen. Pkt. D: Om kyrkjetienden som frå no måtte overlatast til kyrkjevergjene. Tidlegare hadde overskotet på tienden vorte gjeve til andre, som ikkje hadde noko med kyrkjene å gjera. Dermed fekk ikkje kyrkjene midlar til naudsynt vedlikehald. Pkt. E: Om forpaktinga av Kongsberg Sølvverk. --H: Johan Fredrik Marskalk sitt brev av 7.9.1670 til futen over Nordhordland, Peder Andersen, om naudsynt vøla av futenaustet, etter at dette var konstatert til nedfalls. --I: Johan Fredrik Marskalk sitt brev av 8.8.1670 til ein del av futane i Bergenhus len. Marskalk hadde fått eit brev datert 11.6.1670 om saka frå visestatthaldar Ove Juel, og som han no bragte vidare. Generalveimester Jens Hauritz hadde sendt klage til Juel på manglande innbetaling frå nokre av futane på ein del av løna si. Dei futane det galdt, fekk ordre om straks å samla inn den ubetalte løna, rekna frå 1667. --J: Kongen sitt panteskøyte av 25.7.1661, der Hans Hansen [Hans Hansen] - lagmann i Bergen og for Gulatinget, Peder Hansen [Peder Hansen] - rådmann i Bergen og amtskrivar på Bergenhus, samt Niels Hansen [Nils Hansen] - stiftombodsmann for Bergenhus len, gjorde kjent at kongen hadde pantsett og avhendt til Peder Pedersen [Peder Pedersen] - borgarmeister i København, og Carl Rosenmeyer [Carl Rosenmeyer] - borgar og handelsmann same plass, samt deiras ektefeller og arvingar, "for en Anseenlig Summa Penger", Bergen Domkyrkjeprosti - også kalla Apostelgods len - sitt jordegods. Fullmakt av 5.8.1661 frå Peder Pedersen og Carl Rosenmeyer til dei 3 ovannemnde som kunngjorde dokumentet. Dei fekk herved løyve til å pantsetja og avhenda jordegodset vidare til andre. Såleis vart panteskøytet transportert og overført til Lars Lauridtzen/Larsen [Lars Larsen] i Bergen, samt kona og borna hans. Jordegodset omhandla i dokumentet var som følgjer: Flesland [Flesland] - av skyld 1 løp smør og 1 tønne malt. Schage [Skage] - av skyld 2 løp smør og 1 hud. Desse gardane låg i Skjold skipreide. Quernes [Kvernnes] - av skyld 1 løp smør. Trengereid [Trengereid] - av skyld 1 løp smør. Dywigen [Djuvik] - av skyld 1 pund smør. Desse låg i Sambanger [Samnanger] i Sunnhordland. Lars Larsen hadde for dette "tilstillet Niels Hansen paa deris wegne" 700 rdl. i atskilleg gangbar mynt. Bergen, 28.8.1663. 4.12.1670 KOM RETTEN SAMAN PÅ [HOP] I [SKJOLD SKIPREIDE]. 1670: 39, 39b, 40 Fut Peder Andersen [Peder Andersen]. Lagrettsmenn: Simen Schiold [Simen Skjold], Lasse Noraas [Lasse Nordås], Ole Hop [Ole Hop], Ole Totland [Ole Totland], Niels Dingeland [Nils Dyngeland], Lasse Søraas [Lasse Sørås], Lasse Smøraas [Lasse Smørås], Ole Heldal [Ole Heldal], Arne Totland [Arne Totland], Niels Schiold [Nils Skjold], Niels Natland [Nils Natland], lensmann Peder Smørås [Peder Smørås], Vincentz Nøtuett [Vinsents Nøttveit]. Tingsak: Christian Biering [Kristian Bjering] let stevna Hans Johansen Øster Kongshaffn [Hans Johannesen Austre Kongshavn] og Johans Ramsuig [Johannes Ramsvik], fordi dei skal ha trua med å brenna ned husa hans i Rambsuig [Ramsvik]. Dei 2 innstevna møtte. Som vitne var innkalla Hillebrant Støelen [Hillebrant Stølen]. Han sa at for ei tid sidan var han i Ramsvik på oppdrag for Kristian, for å riva eit gamalt hus der. Då høyrde han Niels Johansen [Nils Johannesen] seia, at om han ikkje fekk betaling for sin andel i det gamle huset som Kristian ville riva, då skulle han setje fyr på sin part. Troels Laursen [Troels Larsen], som og var med på rivingsoppdraget, høyrde at Nils spurde Kristian kvifor han let riva huset, som far hans (far til Nils?) i si tid hadde sett opp, og korav eine halvparten tilkom Nils og den andre halvedelen bror hans (til Nils). Troels høyrde og Nils koma med trugsmålet om å brenna huset, dersom Nils ikkje fekk betaling for det. Ole Toersen [Ole Torsen] vitna dette: Han var på same tid i Ramsvik for å tekkja (leggja never på tak) eit hus for Kristian. Då høyrde han at kona til Hans Kongshavn klaga seg til Kristian om for lita betaling for huset som skulle rivast. Kristian svara at om dei hadde noko å innvenda, då fekk dei gå retten sin veg. Hans, som stod saman med dei, skaut inn at om det verkeleg var slik at han ikkje fekk meir for huset, då skulle han brenna det opp slik som det stod. Kristian ville då vita om Hans med dette meinte Kristian sitt eige hus. Då slo Hans ut med hand og så: "Ja Haarde død, Jeg schal affbrende saa megit som der staar." Rasmus Olsen [Rasmus Olsen], som var ilag med Ole Torsen på taktekkjinga i Ramsvik, vitna det same som Ole. Kristian la no fram for retten bygselseddelen sin på Ramsvik. Etter forhandling og mekling mellom partane og retten, let Kristian no saka falla. Kristian inngjekk forlik med "Hans og Nils Johannesøner" (mest truleg brør), og han skulle heretter uhindra få sitja på og behalda (husmanns-)plassen Ramsvik.

 

- o - o - o - o - o -

 

Tillegg til tingbok nr. 11. Sak reist av Kongen vedkomande ledingen (skatten i naturalia) av Bergenhus amt/len, og som Herman van Høwen etter kontrakt for 1 år om gongen hadde kjøpt av ein del av futane i Bergenhus amt/len - blant anna futen Peder Pedersen på Sunnmøre. 13.8.1673 PÅ [BERGEN RÅDSTUE]. 1673: 40b, 41, 41b, 42, 42b, 43, 43b, 44 Etter ordre frå kongens kanslar Johan Friderich Marschalch til Hutlow [Johan Fredrik Marskalk til Hutlow] i lagmannen sin stad, kom retten saman for å døma i følgjande sak om ein veksel. Saksøkjar var Hendrich Karekdorff [Henrik Karekdorff] - "reciderende Kiøbmand i Dramshus her ved Bergen Cantor" (Bergen Cantor = Det Hanseatiske kontor i Bergen), med sin prokurator Reinholt Rasmussen [Reinholt Rasmussen]. (Stevninga datert 28.7.1673) Dei saksøkte var: Lisbeth [Lisbet] - enkja etter Thomas Gilbertzen [Tomas Gilbertsen] (Han levde 9.9.1671) - med sin fullmektig, prokurator Strange Mule [Strange Mule]. Joen Crommetj/Jon Crommetie [Jon Crommetie] - gift med Lisbeth [Lisbet], syster og arving til Tomas. Assistentråd/lagmann Jens Tolder/Toller [Jens Toller]. Magistraten - her møtte rådmann Hans Munthe [Hans Munthe]. Og byfogd Laurits Søffrensen [Lars Sørensen], som tidlegare hadde dømt i saka. Det heile galdt ein prosess, som Tomas tidlegare hadde ført mot Henrik om ein veksel på 213 rdl. 7 sk. Denne vekselen var utstedt til assistentråd/amtskrivar/lagmann Jens Toller den 7.2.1667 av Herman Van Høwen [Herman van Høwen], på vegne av Diderich Graffuensted [Diderich Graffuensted], Jesper Hartz [Jesper Hartz], og Peter Lackman [Peter Lackman] - alle 3 frå Lybech [Lybeck] i Tyskland. van Høwen var "førige residerende Kiøbmand paa Cantoret". Vekselen var oppgjer for varer i naturalia, og som futen Peder Pedersen [Peder Pedersen] på Sunnmøre (fut der til 1668) hadde fått inn i skatt (leding) for året 1666 frå bøndene. At vekselen var skrive ut til embetsmannen Jens Toller - og ikkje til Peder Pedersen sjølv, kom seg av at desse vekslane på futane sine vegne alltid måtte klarerast i København før avrekning til kvar fut vart gjort. Og nett her i futen Peder si seinare avrekning med Jens Toller var det at usemja om vekselen på den avkjøpte ledingen for 1666 oppstod. Peder påstod vekselen ikkje var betalt, og van Høwen sa den var det. Saka hadde vore oppe i retten nokre gonger. Byfogd Lars Sørensen på Peder Pedersen sine vegne stevna van Høwen inn for Magistraten den 28.1.1669. Først 17.3.1670 vart det føreteke domsavgjerd hjå Magistraten. Her vart van Høwen pålagt innan 6 veker å prova at vekselen var betalt - i motsett fall betala den. Så la Hendrich Wæssel [Henrik Wessel] på Peder Pedersen sine vegne inn stevning for byfogd Lars Sørensen den 20.7.1670. van Høwen vart denne gong dømt til å betala. Og kunne han ikkje gje full dekning, vart kravet å stila til hans medkausjonistar, Henrik Karekdorff og ein Jacob Koelhoff [Jakop Koelhoff]. Wessel gjorde ikkje noko meir med saka, men overdrog den til Tomas Gilbertsen. Straks etter byfogden sin dom (20.7.1670) søkte Tomas utlegg for vekselkravet "udj Karekdorffs Herschabs Stue". Den 9.9.1671 vart så saka stevna inn for overdommaren, assistentråd og lagmann Jens Toller, ved Lagmannsretten. Her presenterte og prosederte Tomas Gilbertsen saka sjølv, men utan å ha fullmakt til dette (frå Peder Pedersen?). No vart van Høwen og hans medkausjonistar dømt til å betala innan 14 dagar. Neste stopp var i den kongelege Overhoffrett, som mottok stevninga i 1672. Dom utstedt på Akershus 8.2.1672. Overhoffretten oppheva Lagretten sin dom. Og til endeleg avgjerd vart saka så teke opp på Bergen Rådstue den 13.8.1673. Sambandet mellom Peder Pedersen og Tomas Gilbertsen hadde også sin bakgrunn i økonomiske tilhøve. Blant dokumenta i saka vart det lagt fram ein obligasjon datert 28.3.1670. Den var utstedt til Tomas av Peder, for å halda Tomas skadeslaus i samband med ein kausjon på 300 rdl., og som Tomas hadde gjeve for Peder til rådmann Peder Hansen [Peder Hansen]. Tomas med følgje meinte såleis at denne obligasjonen var fullmakt nok til å reisa sak mot Karekdorff på Peder Pedersen sine vegne. ("Och formeendte same obligation Vahr fuldmagt Noch till at søge Peder Pedersens Ret eftter i denne Sag.") (Sjå Lagretten 9.9.1671). I tillegg vart det lagt fram ein annan obligasjon utstedt av Peder. Denne lydde på 100 rdl., som Tomas hadde betalt på Peder sine vegne. Det var også vist til Oldermennene og "Acteinernis" (medlemer av hanseatane i Bergen sitt 18-mannsråd) sin kausjon til Tomas (for rett levering av varene?) "Imoed goetses Leffuering till Karekdorff". Denne er datert 12.6.1672 under det "Canthorische Indseigell", og truleg utstedt på bakgrunn av dommen i Overhoffretten. ("eftter Oberhoffrettens doms Indhold") Andre namn nemnt i denne saka: Jørgen Pos [Jørgen Poss]. Albert/Albregt Heintz [Albert Heintz]. Hans Thomasen Rus [Hans Tomasen Ruus] (byskrivar i Bergen til 1669). Retten si avgjerd: Henrik Karekdorff vart fullstendig frikjent. Han vart og tilkjent ei skadebot på 130 rdl. frå avdøde Tomas Gilbertsen sitt "Samfellids boe". Retten kom såleis til at den omtalte veksel nok var betalt og gjort opp. Eit utdrag av "Kompaniet" i Lybeck si hovedbok ("Extract aff Van Høwens och Med Interessenters Herschabers Hoffuitbog udj Lybech") - stadfesta av den keisarlege notar - viste at van Høwen den 27.2.1667 hadde trekt på dei til Hans Hoepen/Hoepe [Hans Hoepen] (van Høwen og kompaniet i Lybeck sin faktor i København) 891 rdl. 39 sk., for å betala for "Ledingen". Tidlegare var det også trekt til Hans Hoepen 450 rdl. Motverdien til desse summane utgjorde 4 vekslar, deriblant den på 213 rdl. 7 sk.